Me yter tenestar for bebuarane ved bufellesskapet og heimebuande. Avlastning for foreldre med særleg tyngande omsorgsoppgåver, butrening for heimebuande og tilrettelagt dag/arbeids- tilbod ved BABU. Tenestar tildeles etter helse og omsorgstenestelova i kommunen sitt tiltaksteam.
Leileghetane i bufellesskapet er rekna som privat heim der bebuarane skal få høve til sjølvråderett, innverknad på eige liv og medråderett. Personale ved bufellesskapet yt både individuelle og felles tenestar som blant anna omfattar praktisk bistand, opplæring og i nokre tilfelle helsehjelp.
Læring og utvikling er ein viktig del av tenesta. Bufellesskapet fungerer derfor som ein læringsarena der trygge og forutsigbare rammer bidrar til utvikling, mestring og sosialt fellesskap for den einskilde bebuar.
Dersom du har behov langvarige og koordinera helse- og omsorgstenester, har du rett på individuell plan (IP). Planen er eit samarbeidsverktøy for deg og helse- og omsorgstenesta. Leiar ved bufellesskapet er koordinator for bebuarane, og er ansvarleg for å fylgje opp planen. Individuell plan skal vera ei hjelp til at tenesta blir betre koordinera og tilpassa dine behov.
Er du pårørande til person med utviklingshemming med krevjande omsorgsoppgåver, kan du ha rett på avlastning. Tenesta skal gje deg moglegheit for fritid og feriar. Brukaren skal få fylt behov for pleie, aktivitet og forutsigbarhet.
BABU - kommunalt dagaktivitet/arbeidstilbod
BABU er eit kommunalt dagaktivitet/arbeidstilbod for funksjonshemma, som har større bistandsbehov. Målet er at brukarane skal ha ein meiningsfylt kvardag, føle seg sett og ivaretatt, føle meistring og tilhøyrsle. Dei jobbar med kløyving og pakking av ved, henting og sortering av tomgods for røde kors, vatning av blomar for næringsamskipnaden, henting/køyring av medisin og blodprøver for legekontor/helsesenter.