« Antall som blir smitta av kikhoste i Noreg fortsett å auke. Kikhoste er mest alvorleg for dei minste. Smittetala blant desse er framleis låge, som kan tyde på at førebyggande tiltak fungerer ifølge FHI. I forbindelse med dette ynskjer me å minne befolkninga i Tokke kommune på at det finst vaksine mot denne sjukdommen. 

Vaksinen ein får tilbod om er ei fleir kompontentvaksine. Ein vert då vaksinert mot kikhoste, difteri, polio og stivkrampe. Ein anbefaler alle aldersgrupper å ta påfyll av denne kvart 10 år. Barn får denne gjennom barnevaksinasjonsprogrammet og er godt beskytta viss dei har følgt dette. Les anbefalingane til FHI om førebyggjande tiltak mot kikhoste: Utbruddet av kikhoste i Norge - FHI. Dette er eit gratistilbod til gravide og barn, andre grupper må betale for den.

Viss dykk ynskjer vaksine, ta kontakt med Tokke helsestasjon 350 75 550.  

Er du usikker på om du treng påfyll av denne, sjekk dine vaksiner på Helsenorge: Sjekk hvilke vaksiner du har tatt - Helsenorge

 

Mvh helsing

Kommuneoverlege Lars Håvard Eriksen

Leiande helsesjukepleiar Anne Midtgarden»