Dalen
Tippen
Badestrond ved Dalen Bryggje, finkorna sand, flytebryggje og WC
Steinarshylen
Kulp i Tokkeåi, parker ved Vistadbrua, gå inn grusvegen gjennom industriområde og ta til venstre ned ein bratt bakke.
Omdalshylen
Køyr av FV 38 inn på Ravnejuvvegen. Køyr i botnen av bakken og over ei bru. Etter eit lite stykke i oppoverbakke ser du ei nedkøyring til høgre. Parker ved lomma over innkøyringa. Eit lite stykke ned i vegen går det ein sti ned til høgre og du kjem ned til kulpen.
Lårdal
Bakkestrondi
Sandstrond ved Bandak Camping, nedst i bygda. Flytebryggje og WC.
Laugevatn
Tjern øvst i Lårdal. Stend skilta Danseplassen. Flytebryggje, ikkje WC.
Heimdalshylen
Kulp i Lårdalsåi. Ca.100 meter etter Heimdalsstøtta.
Høydalsmo
Oftevatn
Badeplass med sandstrond, skifteskur og sandvolleyballbane. Parkering ved skulen.
Mo
Mosevatn
Badestrond i Mo, køyr mot Åmot på FV 38 i 6 km, ta av til venstre mot Vinjesvingen (Mo-Byrtevegen) og fortsett i 6,5 km til du ser badeplassen på venstre side av vegen.
Sandstrond, leikeapparat, utedo. Varmt og godt i vatnet som sommaren.
Byrte
Byrtevatn
Køyr mot Åmot på FV 38 i 6 km, ta av til venstre mot Mo/Byrte. Følg denne vegen i 16km til du kjem til broa over Byrtåi. ta så første til høgre. Adressa er Mo-Byrtevegen 1653.
Solrik sandstrand ved Byrtevatn med gode fiskemoglegheitar. Gratis stangfiske. Utedo ved den gamle skulen.
Skafså
Åmlivatn
Frå Storvegen på Dalen tek du av til ventre mot Skafsåvegen, køyr 4,1 km og hald til venstre i krysset. Fortsett på Skafsåvegen i 5,4 km. Det er ein liten parkeringsplass på høgre side av vegen som du må parkere bilen og gå ein sti inn til vatnet, ca. 400m. Sandstrond, bryggje og flytebryggje. Varmt og godt i vatnet om sommaren.