Barn – og ungdomsteam i Tokke kommune er eit tverrfaglegteam frå helse og oppvekst. Sakar som bli drøfta i teamet er både individsakar og systemsakar. Koordinator for teamet avgjer saman med meldar av sak, kven andre som eventuelt skal inn når ein drøftar saka. Detta kan til dømes vera føresette og kontaktlærar.

Barne - og ungdomsteam består av: 

Fagleiar helsestasjon- og skulehelsetenesta

Fagleiar psykisk helse og rus

Kommunepsykolog 

Rektor Tokke skule

Styrar Dalen barnehage 

 

Døme på aktuelle problemstillingar: 

  • Samansette utfordringar der ein tenker at fleire instansar må arbeide saman. Til dømes; skulevegring, åtferdsutfordringar, klassemiljø, mobbing med meir
  • Sped- og småbarn utviklar seg i tett samspel med foreldre sine. Tidleg hjelp er god hjelp.
  • Bekymringar i svangerskapet. Nyfødte - kontakt mellom foreldre og barn, fødselsdepresjon, barn som ikkje vil gå i barnehage, barn som strevar sosialt, engstelege barn, åtferd, grensesetting med meir.
  • Barn og ungdom som ikkje vil på skulen, som strevar sosialt, er engstelege, opplever sorg, kriser, familieproblem, psykisk og fysisk sjukdom i familien, trivsel, venskap, mobbing, tristhet, bekymringar, kropp, seksualitet med meir.
  • Samlivsbrot og vanskelege familiesituasjonar kan vere utfordrande for både vaksne, barn og ungdom. og påverkar alle partar.

 

Når og kvar:

Ein har ca 3 møte i halvåret. Det er tilsette i helse og oppvekst som får desse datoane. Viss du ynskjer å drøfte eit barn/ungdom, ta kontakt med Tokke helsestasjon 350 75 550.