Prisar barnehage

  • 5 dg. pr. veke: kr 3 000,- pr. mnd
  • 4 dg. pr. veke: kr 2 400,- pr. mnd
  • 3 dg. pr. veke: kr 1 800,- pr. mnd
  • 2 dg. pr. veke: kr 1 200,- pr. mnd   

Kjøp av ekstra timar:  kr 60,- pr. time

Kjøp av ekstra timar same dag, 50% rabatt for sysken nr 2,3,4 o.v.

                                                                                    

Syskenmoderasjon:

Når ein familie har fleire barn i barnehage, blir det gitt slik syskenmoderasjon:

  • 50% reduksjon for 2. barn
  • 100% reduksjon for 3. barn (frå 01.08.23)

Merknad: Syskenmoderasjon blir sett i heilskap for føresette som har barn i barnehage og SFO.

 

Talet på månader med betaling:

  • Betalingsfri månad i juli for dei som har tilbod 11 mnd. pr. år.
  • Tilbod frå medio august til medio juni – betaling i 10 mnd. pr. år. (Fylgjer skuleruta)

Pris kost

Kr 20,- pr. dag   (Kostpris)

Redusert foreldrebetaling

Redusert foreldrebetaling går ut på at ingen hushaldningar skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Maxprisen for 100% barnehageplass er frå 01.01.2023 kr. 3000,-.

Hushaldningar som samla har lågare inntekt enn 615 590 (frå 01.08.23) kan søkje om reduksjon i foreldrebetalinga i barnehagen.

Samla inntekt under 200.000,- gjev friplass i barnehage og SFO.

Dokumentasjon på inntekta til alle i husstanden må leggjast ved søknaden. Med dokumentasjon meiner vi i hovudsak skattemeldinga for siste året.

Gratis kjernetid

Alle 2, 3, 4 og 5-åringar og barn med utsett skulestart som bur i hushaldningar med låg inntekt, har rett til å får 20 timar gratis opphaldstid i barnehage. Frå 01.08.23 ligg inntektsgrensa for gratis kjernetid på kr. 615.590,-

På Føresettportalen VISMA Flyt Barnehage kan du søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.