Ordførar og varaordførar er mellom dei som har mynde til å vigsle eit brurepar. Men kommunestyret kan i tillegg velje andre tilsette eller folkevalde i kommunen.

Tilbodet er gratis dersom du bur i kommunen du vil gifte deg i. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.

Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.

Vigsel av par der ingen er busett i kommunen er kr 3 500,- på kvardagar og kr 5 000,- for vigsel i helg eller heilagdag.

Ta kontakt for å bestille tid og lokale på postmottak@tokke.kommune.no