Tokke kommune har brannstasjon på Dalen. Beredskapsleiar i Tokke brannvesen er Hans Morten Anunskås.

Vest -Telemark brannvesen

Kontoret ligg i Høydalsmo, i same bygg som Vest-Telemark Kraftlag.

Brannsjefen har den overordna leiinga av brannvesenet i alle 6 kommunane i Vest-Telemark.

Beredskapen ligg som tidligare i kvar kommune og brannmannskapa er deltidstilsette og har arbeidsavtale med kommunen. 

For meir informajson om feiing,tilsyn og brannførebygging sjå VTBV sin eiga heimside.

Bålbrenning

Brenning av flis, bygningsmateriale og anna søppel er forbode etter forureiningslova §7. Løyve til slik brenning vil ikkje bli gjeve.

I følgje føresegna til brannvernlova § 26 er det forbode å brenne bål i eller i nærleiken av skog og utmark mellom 15 april til 15 september. Søknad om bålbrenning skal sendast til kommunen. Brenning utanom dette tidsromet skal og godkjennast av brannvesenet.

St. Hans bål vil skje etter følgjande retningsliner:

  1. Søknad om St.Hansbål skal godkjennast av Tokke kommune.
  2. Løyve frå grunneigar må føreligge.
  3. Ein vaksen person skal vere ansvarleg.
  4. Bålet skal ikkje vere stort og må ha trygg avstand til bygningar, skog og brennbart materiale.
  5. Ansvarshavande skal syte for at bålet er under kontroll, også med omsyn til eventuelle gneistar. Bålet må sløkkjast forsvarleg med rikeleg mengde vatn og bålrestar må fjernast.
  6. All bålbrenning skjer på eige ansvar. Utgifter brannvesenet måtte få på grunn av utrykking til bålbrann, kan det bli kravd dekt av bålbrennar
  7. Vurdering om løyve kan gjevast, blir gjort først gjort tett innpå St. Hans.

Publikum blir elles oppmoda om og vise omsyn i høve brannfare ved ferdsel i skog og mark.