Kommunen ønskjer å leggje til rette for levande lokalsamfunn og sikre busetjinga ved at bustadeigedommar i størst mogleg grad blir nytta som heilårsbustader. Dersom du ynskjer å busette deg på eigedomen, leverar du eit eigenfråsegn om konsesjonsfridom til kommunen. 

Utfyllt og signert eigenfråsegn eller konsesjonssøknad sendast til postmottak@tokke.kommune.no.

Målgruppe

Bustadkjøparar i område med nedsett konsesjonsgrense (buplikt).

Kriterium/vilkår

Du må søkje konsesjon ved kjøp av:

  • Utbygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
  • Eigedom med bustadbygging som ikkje er teken i bruk som heilårsbustad, i område som er regulert til bustadføremål (gjeld også eigedom med busetnad under oppføring)
  • Tomt utan oppført bustad som er regulert til bustadføremål