Vennestoga er eit tilrettelagt samværs- og aktivitetstilbod for heimebuande menneske. Dei fleste eldre ynskjer å bu heime så lenge som mogleg, difor er det viktig å komme seg ut å delta på aktivitetar og sosialt samvær.
Fokuset på Vennestoga er aktivisering, sosial stimulering, fysisk og psykisk helse, meistring og trivsel. Vennestoga er åpen 4 dagar i veka, og tilbyr skyss til og frå tilbodet.
Kven kan få dette tilbodet?
Det er utarbeidd kriteriar for å få denne tenesta. Tiltakskontoret vurderar blant anna dette når søknaden behandlas:
- Søkaren har behov for ulike aktivitetar for å ivareta psykisk- og fysisk helse.
- Søkaren kan ha behov for sosialt samvær og tryggleik.
- Søkaren kan ha behov for oppfølging med tanke på kost- og ernæring.
Tilbodet er behovsprøvd, og dei viktigaste vilkåra for tildeling er:
- Du må ha demensdiagnose, stå i fare for å utvikle demens eller vere under utgreiing.
- Graden av demens vurderast og fyljast gjennom kartlegging og jamleg evaluering.
- Brukaren må vere i stand til å delta på aktivitetar og kunna tilgodegjera seg tilbodet.
Målet med tilbodet er:
- Gje brukarane gode opplevingar saman med andre.
- Gje brukarane mogleghet til å ta del i kvardagens opplevelsar og aktivitetar.
- Gje avlastning til nære pårørande som står i ein krevande omsorgsituasjon.
- Medverke til livsglede i kvardagen og bidra til å unngå sosial isolasjon.
- Bidra til å utsette, eller forhindre institusjonsinnleggelse.
- Skape tillit mellom brukar, personal og pårørande.
Tilbodet omfattar:
- Frokost, lunch og middag
- Sosialt samvær og aktivitetar i forhold til den enkeltes funksjonsnivå td. Bingo og andakt.
- Fysisk aktivitet td. Sirkeltrening, sykling på storskjerm,taxi-bike og gåturar
- Avislesing/høgtlesing
- Song og musikk
- Årstidsbestemte markeringar
- Ymse kreative aktivitetar
- Utflukter
I tillegg er det mogleg å bestille frisørtime og fotpleie på helsesentetet. Det er også kort veg til butikk for å handle nødvendige matvarer.
Stad:
Tokke Helsensenter, Vennestoga.
Revahaugvegen 6
3880 Dalen
Åpningstidene på Vennestoga:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag.
09.00 – 15.00.
Dagsenteret har stengt på julaften, nyttårsaften og på alle offentlege fridagar. Det er også stengt i veke 29, 30 og 31 om sommaren.
Er dette noko for deg?
Ynskjer du meir informasjon om tilbodet eller få søknadskjema, ta kontakt med Tildelingskontoret i Tokke Kommune på Telefonnummer: 35075574.
Viktige telefonnummer:
Vennestoga: 35075537
Tildelingskontoret: 35075574
Tokke Kommune: 35075200
Tokke Helsesenter: 35075500