Kva søkjar må gjere
- Søknad om deling på fastsett skjema sendast til kommunen med heimelshavar/grunneigar si underskrift. Søknadskjema finn du her.
- Legg ei kartskisse med søknaden som viser arealet som skal frådelast.
- I enkelte høve må naboar varslast ved søknad om deling. Kommunen kan hjelpe deg med ei vurdering av dette, kven som eventuelt må varslast og skjema for nabovarsel som du og finn her.
Kvar skal søknaden leverast
Søknaden kan leverast direkte på kommunehuset, epost eller pr. post:
- postmottak@tokke.kommune.no
- Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen
Kva gjer kommunen
- Søknaden din vert handsama i kommunen.
- Blir søknaden din av ein eller annan grunn avslegen, blir du varsla om dette.
- Om søknaden din blir godkjend, vil du og andre aktuelle partar bli varsla om tid og stad for når frådelinga skal gjennomførast (oppmålingsforretning).
- I oppmålingsforretninga vert nye eigedomsgrenser sett ut, merkt med offentleg godkjende grensemerke, målt inn etter gjeldande reglar og ført inn i Matrikkelen/eigedomsregisteret.
- Matrikkelbrev som inneheld oppdaterte opplysningar om din eigedom sender me til deg.