Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk sjølv om dei inneheld sensitiv informasjon.
Fordelane med eDialog er fleire:
- Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal
- Det gjev ein sikker identifikasjon av avsendar
- Innsendt informasjon blir sendt rett i sak/arkivsystemet
Me anbefalar deg difor å bruke eDialog ved sending av dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er sensitivt.
For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten.
Du skal ikkje nytte eDialog når me har elektroniske skjema som passar til formålet, til dømes søknad om plass i barnehage, sfo, kulturskule, søknad på stilling osv.
E-post kan fortsatt nyttast for enkle spørsmål.