Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Eldreombod

 

Tokke kommunestyre vel kvar kommunestyreperiode eit eldreombod.

For perioden 2024 - 2027 er Åsmund Stenseth vald.

Eldreombodet skal hjelpe eldre i kontakten med kommunen og det offentlege.

Dette kan vere så mangt – alt frå å søkje om plass på sjukeheimen, andre kommunale tenestar, ulike digitale tenestar (data), ting som ein kan streve med i møte med det offentlege når ein vert eldre.

Tenesta er lagt opp slik at du kontaktar kommunen på 35 07 52 00 (resepsjonen) og ber om at Eldreombodet tek kontakt med deg.

Eldreombodet har teieplikt, og du treng ikkje opplyse resepsjonen kva du ynskjer hjelp til.