Ergoterapeutar hjelper til med å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom helsa di og krava i kvardagen. Ein ergoterapeut gjer det mogleg for deg å utføre dei aktivitetane som er viktige i livet ditt. Ein ergoterapeut gjer det mogleg for deg å leve eit så aktivt liv som råd er
Ergoterapeuten
- undersøkjer og vurderer funksjonane dine, det du vil gjere og omgjevnadene dine
- legg til rette dei fysiske omgivnadene i heim, barnehage/skule, arbeidsplass og sjukeheim
- formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel
- velferdsteknologi
- Syn- og hørselskontakt
Tenesta går inn som ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, både i sjukeheim og i private heimar.
Målgruppe
Alle som på grunn av nedsett funksjonsevne har utfordringar med aktivitetar i kvardagslivet.