Flyktninghelsetenesta vil syta for at nye flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforeinte får tilbod om helsetenester.
Kva kan du få hjelp til
- Helsesamtale innan 3 månadar.
- Råd og rettleiing om kva helsehjelp du kan få og kvar du kan venda deg
- Informasjon om og tilvising til frivillig legeundersøking og tannlegeundersøking
- Informasjon om lovpålagt tuberkuloseundersøking
- Hjelp til innmelding i fastlegeordninga
- Tilbod om vaksinar
- Borna vil følgje det ordinære helsestasjonstilbodet 0-23 år
Flyktningar, asylsøkarar og andre personar frå land med høg førekomst av tuberkulose, og som skal opphalda seg i Noreg i meir enn tre månader, har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking innan 14 dagar etter innreise. Det inneber IGRA test (blodprøve) og/eller lungerøntgen, etter gjeldande retningslinjer.
- For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald.
- For personar over 18 år utan lovleg opphald gjev lova kun rett til nødvendig helsehjelp
Pris
Tenesta er gratis.
Her finn du meir informasjon om flykningtenester i kommunen