Frisklivssentralen hjelper og støttar personar som ynskjer å endre levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald eller snus- og røykeslutt gjennom individuelle samtalar og gruppebaserte tilbod. Tilbodet er for deg over 18 år med fysiske og/eller psykiske helseutfordringar. Du treng ikkje ha ein diagnose eller vere sjuk for å delta, og tilbodet er gratis. Målet med frisklivssentralen er at deltakarane skal bli fysisk aktive i sin kvardag og få betre helse på kort og lang sikt. 

Målgruppe

Helsefremjande og førebyggjande tiltak for alle innbyggjarane, men med spesiell vekt på:

  • personar som har eller står i fare for å utvikle livsstilssjukdommar
  • personar med overvekt
  • personar som røyker eller snusar
  • personar med problem knytt til psykiske helse


Lege, anna helsepersonell eller NAV kan tilvise deg til Frisklivssentralen. Når Frisklivssentralen har mottatt tilvisningen tar vi kontakt med deg for å avtale ei tid for helsesamtale. Du kan også kontakte oss sjølv. Dei som ynskjer hjelp til å endre levevanar kan ta kontakt, uansett om ein ynskjer å delta i ei behandlingsgruppe eller trenger meir informasjon og inspirasjon til å kome i gong.

Frisklivsresept

 

Ein frisklivsresept er eit tilbod til dei som har nytte av ein tettare oppfylging i form av gruppebaserte tilbod eller individuelle samtaler.

Denne våren er det ikkje reseptgruppe, men vi tar inn deltakarar individuelt. Til hausten startar vi opp med reseptgruppe som normalt, med varigheit på 12 veker. Ønsker du å delta, ta kontakt med ein av dei kommunale fysioterapeutane Sigrid eller Jette

 

Bassengtrening

Oppstart: Fredag 11. mars

Kor: Symjehallen, Tokke kulturhus

Når: Fredagar kl. 10.00 - 11.00

Målgruppe: For dei som treng ein alternativ treningsmetode og ikkje kan nytte seg av anna trening.

Booking: Deltaking krev booking på www.tokkenett.no Maks 10 personar. Inngang: kr. 40,- vaksne, kr. 25,- honnør.

60+ styrketrening

Oppstart: Er allereie igang

Kor: Tokkegym i Tokkehallen

Når: Tysdagar kl. 10.00 - 11.00

Målgruppe: For vaksne over 60 år som ynskjer variert styrketrening der ein sjølv har moglegheit for å styre treninga.

Booking: Ikkje booking. Tilbodet krev medlemskap i Tokkegym (kort kjøpast på kommunehuset). Om du ynskjer å bli med i gruppa, ta kontakt med fysioterapeutane på førehand. Dei er tilstades fyrste tysdag i månaden for rettleiing.

40+ styrketrening

Oppstart: Er allereie i gang

Kor: Tokkegym i Tokkehallen

Når: Torsdagar kl. 13.00 - 14.00

Målgruppe: Dette er eit tilbod for vaksne over 40 år (du kan sjølvsagt bli med om du er yngre også) som anten er sjukemeldt, ufør eller har nedsett arbeidsevne som hindrar deg i å skaffe eller vere i arbeid. Variert styrketrening der ein sjølv har moglegheit for å styre treninga.

Booking: Deltaking krev booking på www.tokkenett.no Maks 7 personar. Tilbodet krev medlemskap i Tokkegym (kort kjøpast på kommunehuset). Om du ynskjer å bli med i gruppa, ta kontakt med fysioterapeutane på førehand. Dei er tilstades fyrste tysdag i nånaden for rettleiing.

Sirkeltrening

Oppstart: 18. mars

Kor: Elvarheim

Når: Fredagar kl. 14.00 - 15.00

Målgruppe: Alle som ynskjer funksjonell styrketrening for heile kroppen. Nivået på treninga vert tilpassa kvar enkelt deltakar.

Booking: Deltaking krev ikkje booking.