Ta kontakt med NAV i kommunen og avtal eit møte. Dei kan gje deg økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Økonomisk rådgjeving er gratis.
Dette kan du få hjelp til
- finne ut korleis du kan redusere utgiftene
- vurdere moglegheiter for å auke inntektene
- sette opp eit realistisk budsjett
- få oversikt over rettigheiter og plikter i ein gjeldssituasjon
- forhandle og gjere avtale med kreditorane
- skrive søknad om gjeldsordning
- kontakte namsmannen i utleggssaker
For å best mogeleg oversikt over økonomien din og gje deg gode råd, treng vi dokumentasjon.
Dokumentasjon til første møte
- lønsslipp og trygdeytingar dei tre siste månadene
- sjølvmelding og skatteoppgjer
- kopi av husleigekontrakt eller betalingsoversikt på bustadlån
- kopi av krav om faste utgifter som forsikringar, straum, barnehage, SFO osb.
- kopiar av ubetalte rekningar, krav frå inkassobyrå, gjeld, lån og kredittgjeld
- utleggsbegjæring frå namsmannen, eventuelt innkalling til forliksrådet