Kva er skulehelsetenesta:

Skulehelsetenesta er eit lovpålagt gratis helsetilbod til elevar på barneskulen og ungdomsskulen. Tenesta arbeider på individ-, gruppe- og systemnivå og har eit friskt fokus og skal vektlegge ressursar som fremmar helse og positiv utvikling hjå barn, unge og familiar. Det er ein tverrfagleg teneste som består av helsesjukepleiar, lege, fysioterapeut, ein har tett samarbeid med skulane og ved behov samarbeider ein med andre tenester for barn og unge i kommunen og/ eller spesialisthelsetenesta. Det er helsesjukepleiar som utfører dei fleste oppgåver. Dei ulike alderstrinna har målretta helseundersøkelsar, som er ein del av eit standar konsultasjonsprogram som omfattar barn og unge 5-20 år.

Helsesjukepleiaren på barne – og ungdomskulane kan bistå med blant anna:

  • Helsesamtaler
  • Vaksinering
  • Veging og måling
  • Undervisning i grupper og klasser om blant annet fysisk-, psykisk- og seksuell helse
  • Drop-in/open dør

 

For detaljar om programmet: https://www.helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunene/skolehelsetjenesten/