Tilfredsstillende utbytte av opplæringa

Opplæringa skal være tilpassa alle elevar. Det vil seie at alle elevar skal få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, uavhengig av føresetnadar, og at alle får nytte og utvikle evnene sine.

Lærebedriften skal sørge for tilpassa opplæring for dei som har læretid i bedrift.

Skulen skal følge med på elevane og vurdere om dei har tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Om nødvendig, skal skulen iverksette eigne tiltak. Dersom tilpasning innafor ordinær opplæring ikkje er nok, må skulen vurdere om eleven har rett til tilrettelegging utover dei tilpasningar som let seg gjere i den ordinære opplæringen.
 

Saksgang for individuelt tilrettelagt opplæring – frå bekymring til vedtak

  1. Skulen, elev eller føresette er bekymra for at eleven ikkje får tilfredsstillande utbytte av undervisninga. Skulen pliktar å iverksette nødvendig kartlegging og iverksette tilpassa opplæring.
  2. Vurdering av tiltak som er sett i gang. Evaluering av tiltak skal skriftleggjerast.
  3. Drøfte og analysere tiltak i TOP-teamet. Videreutvikle ordinær opplæring, sette inn ekstra støtte og  ressursar eller tilvisning  til PPT?
  4. Om bekymringa varar ved skal skulen tilvise til PPT.
  5. PP-tjenesten lagar ei sakkyndig vurdering som består av utredning og tilråding av elevens behov.
  6. Oppvekstetaten fatter einskildvedtak på bakgrunn av sakkunnig frå PPT.  Det er klageadgang på einskildvedtaket.
  7. Dersom eleven har rett til individuelt tilrettelagt opplæring, lager skulen ein individuell opplæringsplan (IOP) og starter med den individuelt tilrettelagte opplæringa.
  8. Utbyttet av den individuelt tilrettelagte opplæringen blir kvart år evaluert i ein årsrapport. På bakgrunn av denne, vurderar skulen om den individuelt tilrettelagte opplæringa skal justerast eller opphøre.

Individuell opplæringsplan (IOP)

Dersom du har vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring, skal du ha ein individuell opplæringsplan (IOP). En IOP viser kva for mål opplæringa skal ha, kva som skal vere innholdet i opplæringa og korleis opplæringa skal gjennomførast. Det er skulen som har ansvar for å lage ein slik plan.

Ved skuleårets slutt skal skulen lage ein årsrapport som vurderar alle sidene ved den individuelt tilrettelagte opplæringa som er gitt, blant annet om måla som sto i IOP er nådd. Årsrapporten skal sendes i kopi til foresatte.

Personleg assistanse

Dersom du treng praktisk hjelp og bistand fra ein person for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av denne, har du etter opplæringsloven § 11-4 rett til personlig assistanse. Det er ikkje krav om sakkyndig vurdering fra PP-tjenesten, og oppvekstetaten fattar einskildvedtak etter saksbehandlingsreglane i forvaltningslova.
 

Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemidler

Du har rett til at arbeidsplassen eller klasserommet er tilrettelagt dersom du treng det, ifølge opplæringsloven § 11-5. Det kan for eksempel vere behov for tekniske hjelpemidler, inventar, teknisk utstyr og programvare. Det kan og omfatte opplæring i bruk av teknisk utstyr.

Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til opplæring i mobilitet for å kunne komme seg til og frå skulen og elles ta seg fram på skulen og i heimemiljøet.
 

Kontakt

For spørsmål kring individuelt tilrettelagt opplæring og IOP, ta kontakt med skulen din eller Vest-Telemark PPT.