Tokke kommune tilbyr introduksjonsprogram til alle som har rett til det. Introduksjonsprogrammet i Tokke kommune består i hovudsak av norskopplæring, samfunnskunnskap og språk- og arbeidspraksis. All undervising blir utført av pedagogisk personale. Språk- og arbeidspraksis finn stad i kommunale etatar og privat næringsliv.
I tillegg tilbyr Tokke kommune grunnskuleutdanning for vaksne. Dette er eit samarbeid med Vest-Telemark vidaregåande skule.
Det jobbast dagleg med integreringsarbeid i kommunen. Frivillige språkguidar hjelper til med norsktrening. I samarbeid med Tokke bibliotek arrangerast det språkkafé.