Det vert sett av god tid til svangerskapskontroll, samtale, informasjon og veiledning. Alle gravide har ulike behov og me prøvar å tilretteleggje omsorga slik du ynskjer. Ved fyrste timeavtale får du bøker og informasjonsbrosjyrer.
I svangerskapet er det frivillig å gå til jordmor eller lege eller vekselvis til begge.
Svangerskapskontrollane
Sjølve svangerskapskontrollane inneheld
- Blodtrykk
- Urinkontroll
- Vekt
- Lytte til barnets hjerteslag
- Måle korleis barnet veks i magen
- Rekvirere blodprøver
- Jordmor kan og henvise til ultralyd, gynekolog og fødepoliklinikk dersom det er behov for dette, og utføre graviditetstest
Førebuande samtaler inneheld m.a.
- Ventetida
- Amming
- Fødsel
- Barseltida
Du får info./evt. bestille time for omvisning på føde/barselavdelinga i Skien. Ynskjer du ein annan fødestad enn Skien formidlar jordmor kontakt dit.
Gravide i Tokke kommune har tilbod om fylgjeteneste til fødeavdelinga i Skien.
Det er tilbod om at jordmor kjem på heimebesøk etter fødsel.
Jordmorvakta Seljord
Telefon til vakthavande jordmor: 35021624.
Kommunane Vinje, Tokke, Kviteseid, Fyresdal og Seljord har eit interkommunalt vaktsamarbeid med jordmor i døgnkontinuerleg beredskap- og fylgjeteneste. Jordmorvakta ligg i DPS sine lokale i Seljord, like før Seljord Folkehøgskule. Adresse: Jakob Naadlands veg 28.
Det er alltid ei jordmor på vakt. Du kan ta kontakt i heile svangerskapet, ved fødsel og dei fyrste vekene etter fødsel. Ved spørsmål som kan vente: kontakt eigen jordmor eller fastlege. Du kan kontakte Jordmorvakta ved akutte situasjonar og spørsmål knytt til svangerskap, fødsel og barseltid.
Dette kan til dømes vere: fødselsstart, vassavgang, magesmerter, blødning og utfordringar ved amming. Vaktjordmor vurderer om du treng ambulanse til Sykehuset Telemark. Det er ikkje knytt lege eller anna personale til Jordmorvakta, og me har ikkje ultralydapparat. Me har brystpumpe og spedbarnsvekt.
Skulle du ikkje få kontakt med Jordmorvakta, ring sentralbordet ved Sykehuset Telemark HF: 35003500 eller direkte til fødeavdelinga: 35004764.