Kanskje har me registrert slikt som at barnet/ungdomen

  • strir litt med lesinga og skrivinga
  • mistrivst på skulen eller i barnehagen
  • slit med å få vener
  • vegrar seg for å eta
  • gjer seg dårleg forstått
  • har eit spesielt usunt kosthald
  • mobbar eller plagar andre
  • manglar nokre ferdigheiter som ein normalt kan forventa i ein gitt alder (t. d. symje, sykle, kle seg)

 

Eller kanskje me ser og opplever signal frå foreldra som gjer oss urolege for evna deira til å vera foreldre? Det kan vera at dei:

  • i stor grad lar andre henta og levera i barnehagen
  • ikkje overheld avtalar
  • ofte luktar alkohol
  • verkar likegyldige til eiga framtoning
  • vert opplevde som særskilt usikre, irritable eller sårbare

 

Du er første steg mot ei løysing

Som du ser, kan signala som gjer oss urolege vera høgst ulike, vage, diffuse og vanskelege å tyda.  Då er det lett å kjenna på eiga uvisse: Har eg observert rett? Kan eg risikera å laga «ei sak» ut av ein bagatell? Bør eg dela uroa mi med andre?

Svaret på det siste spørsmålet er eit rungande JA.

Som medmenneske skal me bry oss og ta tak i denne uroa, og dei av oss som er kommunalt tilsette pliktar dessutan å gjera det. Me skal ikkje avventa eller setja vår lit til at andre fangar opp dei same signala som oss. Kanskje er det berre nettopp du som ser barnet/ungdomen!