Desse har fått kulturprisen i Tokke:

ÅrstallNamn 
2023Ståle Oddvarson BrendstuenFor engasjement og formidlinga av historia kring Moen gard.
2022Lårdal VelGod dugnadsånd, og arbeid med arrangement og møtestader, til dømes Lårdalstigen, Vårdag/NM i kaste på stikka, Lårdal aktivitetshus, Raudbygget.
2021

 

Magne Ljosdal

og

 

Rallarspelet/Rallardagen på Åmdals Verk

Leiar i bygdesogenemda for gamle Lårdal herad, innsamling av gamle bilete, registrering av gamle husmannsplassar og støylar, tidlegare leiar i kulturutvalet i Tokke kommune, medlem i Tokke historielag og spelemannslaget Sullarguten.

 

 

Årleg kulturdag i snart 40 år der heie loklasamfunnet deltek. Rallarspelet viser ulike sider av gruvearbeidarlivet, utført av lokale skodespelerar og musikerar.

2020

Fjellkyrkjelaget

 

Starta arbeidet med å få etablert ei fjellkyrkje for 30 år sidan. Fjellkyrkja stod ferdig i 2009. Laget samlar inn midlar kvart år som sikrar drift av kyrkja. Har i over ti år samla folk til ulike arrangement i kyrkja.
2019Sigrunn Lie BrattekåsEngasjement for å ta vare på lokalhistoria og gamle handverkstradisjonar. Har skrive bøker om Dalen Hotell, knivmakaren Bjørn Kleppo, knivmakaren Gunnar Omdal og rosemålaren Knut K. Hovden. Aktiv medlem av lokalstyret ved Vest-Telemark Museum Eidsborg, Tokke historielag, Tokke husflidslag, samt bygdesogenemda for «Lårdal ætt og heim. Høydalsmo sokn».
2018Unni Bendiksen
Har skrive bøker om Åmdal koparverk, Åmdals Verk og Åmdal IL. Aktiv i styret for Åmdals Verk gruver i mange år, guide i gruva, og er med og arrangerer Rallardagen kvart år.
2017Styret for GrimdaltunetInnsats gjennom mange år, både på museet og garden. Stort dugnadsarbeid.
2016Gunvor og Gard Mandt Omfattende dokumentering av lokalhistorie gjennom film. Ekteparet har filma og redigert mange viktige hendingar i Tokke frå 2005 til 2015.
2015Gunstein Magne SeltveitEngasjement og dugnadsarbeid gjennom arbeid og fritid, særskilt med fokus på barn og unge. Arbeidet med Skafså Fjellkyrkje.
2014Høydalsmo idrettslag
Rekruttering innan fleire idrettsgreiner. Bygd ut anlegg, dugnadsarbeid og store arrangement.
2012Einar StrandAktiv idrettsutøvar, dugnadsarbeid ut over det vanlege (Lårdalsstigen), årelange styreverv i Høydalsmo IL
2011Anne og Gjermund FlesDugnadsarbeid ut over det vanlege innan idrett, museum, lokalsamfunn. Anne har skrive mange historiske spelstykkje og bok om oppvekst på husmannsplass i Bandakslid
2010Oddvar BygglandDugnadsarbeid ut over det vanlege i Høydalsmo IL i over 50år
2009Torgrim OtterholtGenerelt kulturarbeid, men spesielt for arbeidet for Lårdal Bygdemuseum, seinare Vest-Telemark Museum, i støttelaget og som styreleiar i ei årrekkje
2008Arne T. AabøGenerelt og allsidig kulturarbeid. Aktiv folkemusikar, skribent og idrettsutøvar, mellom anna
2007Dagfinn MidtbøKulturarbeid, særskilt Grimdalstunet og Tokke historielag
2006Zbigniew RadziejMusikklivet i Tokke
2005Ivar HaukelidsæterRuiplassen
2003Olai LieDen eldste skihopparen i verda
2001Aanund Fles og Else HeimdalDugnadsinnsats Åmdals Verk Gruver og lagsarbeid / sundagsskulearbeid, lagsarbeid og song
1999Tokke trekkspelklubbUnderhaldning og musikkglede i kvardagen
1997Reidun og Finn AbrahamsenSpeidar- og  ungdomsarbeid
1996Gunvald SolbergHuka hoppanlegg i Høydalsmo
1995Arthur HaugenSundagskulearbeid
1994Nemnda for Åmdals Verk GruverOppbygging av gruvemuseet på Åmdals Verk
1993Arne O. LieLagsarbeid, skriving og ålment kulturarbeid
1992Klas VistadKveding, lagsarbeid og ålment kulturarbeid
1991Margit og Aslak AaslandFelespel, skriving og husflidsarbeid
1990Magnhild Gaastjønn og Margit Bergland (Dalen )Bunadsarbeid m.m. / skriving
1989Gunnar Aalandslid d.e. og Kristi UnderdalHusflidarbeid
1988Ingerid og Kjell FosliSundagskulearbeid
1987Birger BastiansenKartlegging av gruver og Åmdals Verk Gruver
1986Tokke husflidslag og Mo og Skafså bondekvinnelagLagsarbeid
1985Ingebjørg TveitoSkrivearbeid , dikt m.m.
1984Kjell StahlKorps, kor og musikkliv elles
1983Bjarne HerrefossHardingfelespel
1982Olav GrimdalenÅlment kulturarbeid og lagsarbeid
1981Tarjei Haugo og Nils K. Lio d.eSmedarbeid