Hjå oss kan du gå for å lære deg eit instrument, syngje, danse eller teikne og male.
Undervisninga er individuell eller gruppebasera, eller båe, avhengig av disiplin.
Trykk her for å sjå faga våre og sende søknad:
https://notokke.speedadmin.dk/registration#/
For å logge inn som eksisterande elev eller føresett, gå inn her:
https://notokke.speedadmin.dk/account/signin?ReturnUrl=%2f
All inn- og utmelding foregår gjennom fagsystemet SpeedAdmin, og her finn eleven også timetidspunktet sitt, kontaktinformasjon til lærar og anna nyttig info.
Vi har løpande opptak, og elever som søkjer vil få svar om dei får plass eller står på venteliste innan seinast eit par veker.
Vil du melde deg av, må dette også skje gjennom SpeedAdmin.
Hovudopptaket- og utmeldingsfrist er 1. juni og 1. desember for komande halvår.
Kulturskulen fyljer skuleruta for grunnskulane i Tokke. Kulturskulen har 36 undervisningsveker. Noko undervising kan falle bort ved arrangement som Kulturveka og liknande.
Nedst på denne sida finn du liste over alle disiplinar for inneverande halvår med dagar og tidar, lærarar, aldersgrenser osb.
Fylg med på nettsida, lokale plakatar og på facebook for å få med deg konsertar og andre nyhende!
Ta kontakt med rektor ved spørsmål eller utfordringar!
Viktig informasjon til kulturskuleelev og føresette
Hausten 2024 har vi ein ny vikar på gitar, Gaute Søderholm, som tek over Jakobs elevar og nye søkarar som får plass. Undervisingsdagar vert tysdagar i Høydalsmo og onsdagar på Dalen. Eksisterande elevar vil få informasjon og timetidspunkt i løpet av veke 34.
Elevopptak
Kulturskulen er ein inkluderande læringsarena, og alle som bur i kommunen kan søke plass i kulturskulen. Kulturskulen prioriterer born og unge, men me tek inn vaksne ved ledig kapasitet.
Under tilbod inn du meir informasjon om aktivitetane og anbefalte målgrupper.
Opptak til kulturskulen
Søknadsfrist 1. juni
Elevane bind seg for eit halvt år/ eit semester/ eit kurs ved påmelding. Påmeldinga er bindande til du skriftleg melder deg ut av kurset/ kulturskulen. OBS! kulturskuleelevar som er under 18 år går automatisk over i nytt semester.
Elevar som ikkje får plass ved opptak 1. juni eller som søker etter fristen blir satt på venteliste og blir kontakta av lærar ved ledig plass.
Elevar eldre en 18 år må årleg søke undervisningsplass.
Prioritering ved opptak
1. elevar i grunnskulealder
2. elevar i vidaregåande utdanning
3. elevar over 18 år
4. søkarar frå andre kommunar
Oppseiing av plass
for haustsemesteret er fristen 1. juni
for vårsemesteret er fristen 1. desember
utmeldingar mellom 1. juni og semesterstart vert fakturert med eit administrasjonsgebyr, jamført vedtektene.
Ved manglande oppseiing vert det fakturert for det kommande halvår.
Tilsette
Lærarar
Siri Møller Holst | Rektor, messing og musikkleik | 41 07 42 62 |
Helga Raunholm Jordan | Korps og messing Dalen | 97 00 79 56 |
Natalie Hammerhaug | Visuell kunst og digitale uttrykk | 41 39 11 26 |
Ragnhild Stigen | Korps og messing Høydalsmo | 48 15 85 71 |
Gaute Søderholm | Gitar | 48 23 79 53 |
Mattias Cyvin Storås | Slagverk og fele | 92 69 43 49 |
Galina Novikova | Piano og song | 48 25 04 35 |
Svetlana Sheytanova | Piano og song | 91 00 24 14 |
Aneesh Thulasi Asok | Danselærar | 46 94 23 63 |
Dirigentar, korps
- Helga Raunholm Jordan
- Ragnhild Stigen
Administrasjon
- Siri Møller-Holst kulturskulerektor. Tlf 35 07 52 28/41 07 42 62
- Anne Marit Roholdt, lokal dks og fakturering. Tlf 35 07 53 10