Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vedtok kommunestyret i møte 22. juni 2021 ny reguleringsplan for Omdal steinbrot, PlanID 20200002. Reguleringsplanen legg til rette for uttak av kvartsskifer i området med tidlegare steinbrot ved Visåsen. Statsforvaltaren har i brev 25.06.2021 trekt motsegnene til planen.
Her finn du protokoll av kommunestyresak nr. 21/56, statsforvaltaren sitt brev om trekking av motsegner, samt oppretta plandokument med plankart, planomtale og reguleringsføresegner.
Reguleringsplan for Omdal steinbrot
Kommunens vedtak kan påklagast innan tre veker av ein part eller andre med rettsleg klageinteresse i saka, jfr. Plan- og bygningslova §12-12 og §1-9. Klaga skal sendast skriftleg til postmottak@tokke.kommune.no. Ved evt. klage må det gjerast greie for kva sak det gjeld og grunngjeving for klaga.
Plan, næring og teknisk etat