Liv og røre i Tokkebarnehagane
Tokke kommune er med i Liv og røre i Telemark, eit samarbeidsprosjekt mellom Vestfold og Telemark fylkeskommune og sparebankstiftelsen DNB. Tokkebarnehagane startar opp hausten 2023, og avtala strekker seg over ein treårsperiode til barnehagane har fått innført hovudelementa i programmet i barnehagens daglege drift.
Liv og røre er eit universelt, heilskapleg og helsefremmande program der hovudmålet er å fremme helse, trivsel og inkludering som grunnlag for læring og livsmestring. Programmet skal fremme kosthald og matglede, fysisk aktivitet og bevegelsesglede og det psykososiale miljøet i eit og same program.
Fysisk aktivitet og bevegelsesglede
Fysisk aktivitet og bevegelsesglede bygger på Helsedirektoratets tilrådingar, og skal vere ein naturleg del av barnehagens kvardag.
Kosthald og matglede
Kosthald og matglede bygger på Helsedirektoratets nasjonal fagleg retningline for mat og måltid i barnehagen
Vesfold og Telemark fylkeskommune - Liv og røre i barnehager (vtfk.no)