Då kan Skafså Motorsportklubb vere rette staden for deg. Dei har medlemar i alle alder og har aktivitetar som alle kan vere med på. Er det vinter kan du trene på snøscootercross og snøscooter drag og det blir tilrettelagt for at dei aller minste (frå 5 år) kan køyre.

Dei er i dag ca 200 medlemmer med stort og smått. Dei har i hovudsak medlemmer frå Tokke, men det er også medlemmer frå andre kommunar som har tilknyting enten til klubben eller området.

Klubben har også arrangert fisketur på vinteren for medlemmer. Dei får løyve frå kommune og grunneigar og køyrer i samla «tropp» inn til eit fiskevatn der dei har pilkekonkurranse og felles grilling.
I barmark sesongen prøvar dei å samlast ein gong i veka til «knøttekross». Det er eit tilbod for ungar frå 5-16år og mange ungar synest dette er veldig moro.

Klubben har også utdanna aktivitetslederar og personell til grunnleggjande opplæring slik at medlemmer kan få gyldig lisens og råd når dei skal starte med denne idretten.

Klubben har eige tidtakingsutstyr til motocross/snøscootercross og startanlegg for snøscooterdrag.

I 2019 skal klubben sette opp nytt klubbhus. Dette blir eit bygg på ca 100m2 og skal huse både klubblokale og garasje. Dette blir ein fin samlingsstad for medlemmer.

Du er velkommen til å ta kontakt med klubben. Du får låne gratis snøscooter og motorsykkel fyrste gong du skal prøvekøyre. Medlemmer får leige dette til ein svært hyggelig pris.

På klubben sin Facebook side kan du følge med på kva som skjer og ta kontakt med oss.

Skafså Motorsportklubb er underlagt Norges Motorsportforbund, NMF.