PP-tenesta skal samarbeide nært med elevar, foreldre, barnehagar, skular, opplæringsverksemder og andre kommunale hjelpetenester for å sikre at barn, unge og vaksne med rett til grunnskuleopplæring får eit godt opplæringstilbod.
Tenesta har ansvar for å hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for eit godt og trygt barnehage- og skulemiljø og eit særleg ansvar for å hjelpe dei som har behov for ekstra tilrettelegging.
Kva tilbod har vi?
- Støtte og rettleiing til foreldre om barns trivsel og utvikling
- Rettleiing/tilråding til barnehagar og skular om tilrettelegging for trivsel, læring og utvikling
- Sakkyndig vurdering av rett til individuelt tilrettelagt/spesialpedagogisk hjelp for barn, unge og vaksne med særlege behov
- Førebyggje, avdekkje og avhjelpe følelsesmessige vanskar og lærevanskar
- Hjelper barnehagar og skular i arbeid med mobbesaker
- Direkte arbeid med barnet
- Samarbeid med andre lokale instansar
- Bidra til at barn får hjelp frå andre tenester ved behov (BUP, Statped og andre hjelpetenester)
Arbeidsmåtar
Vi innhentar opplysningar om barnet ved å:
- gjennomføre samtale med barnet sjølv
- gjennomføre samtale med foreldre
- gjennomføre samtale med barnehage/skule
- observere barnet i ulike situasjonar
- observasjonar av læringsmiljø
- teste barnet med ulike testar, alt etter type vanskar
Kven kan få tilbodet?
Barn, unge og vaksne med særlege behov.
Kva gjer du for å få tilbod?
Tilbod om hjelp kan du få ved å venda deg direkte til PP-kontoret eller via barnehagen eller skulen din.
Tilmelding skjer vanlegvis i samarbeid med barnehage/skule, men foresatte har anledning til å melde direkte til PPT sjølv.
Anten du ønsker å melde til PPT direkte, eller du har avtala tilmelding med barnehage/ skule skal du bruke dette skjemaet:
Du kan og gå via helsesøster eller lege.