Vilkår

Psykisk helse er eit lågterskeltilbod. Du kan sjølv ta kontakt for å be om ei teneste, eller du kan bli henvist frå fastlege, helsesyster, NAV eller anna instans. Den som vert henvist må samtykke i henvisninga.

Psykisk helse og rus avdelinga er eit helsetilbod til deg som bur eller oppheld deg over tid i Tokke kommune.

Det er behovet ditt som avgjer om du vil få tenesta.

Tilbodet gjeld born, unge, vaksne og familiar. Det er og eit tilbod for pårørande og til psykisk liding og rus.

Tenesta omfattar

Individuelle samtaler, oppfølging i heimen eller på kontoret til psykisk helse

Miljøarbeid, i grupper og individuelt

Burettleiing

Hjelp til meistre og koordinere kvardagen

Kooridinering av tenester, lokalt og opp mot 2. linje helsetenesta, deltaking i ansvarsgrupper og samarbeidsmøter

Bistand til å utarbeide individuell plan

Rettleiing, undervisning og informasjon

Bistand til å bearbeide og meistre kriser

Kontakt med pårørande

Oppfølging av menneske som strevar med rus, eller som lever med menneske som har eit rusproblem. For meir informasjon om rusteam, følg lenke her (legg inn lenka til Rusteam)

Tenesta omfattar ikkje

Tenesta omfattar ikkje akuttfunksjonar Dette blir ivaretatt av legevakt.

Ruskonsulent

Dette kan ruskonsulenten hjelpe deg med: 

  • Bistå deg som pårørande, eller deg som har utfordringar knytt til rus med samtaler, råd og rettleiing. 
  • Henvisning til rusbehandling hos spesialisttenesta. 
  • Koordinere tenestene når det er fleire instansar involvert og kan vera eit bindeledd mellom fastlege, NAV, bustadkonsulent og sjukehus. 

Du treng ikkje ha eit alvorleg og omfattande rusproblem for å kontakte ruskonsulenten, og du treng ikkje henvisning. 

Kontakt faglig leiar Elin Erikstein, tlf 97 05 80 50, så set ho deg i kontakt med ruskonsulent.

Interkommunal psykologteneste

Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal og Tokke har gått saman om å opprette stilling som kommunepsykolog. Stillinga vart oppretta i 2019, med barn og unge som fokusområde. Førebels er det tilsett ein kommunepsykolog, men det blir jobba for å få ein psykolog til.

Den interkommunale psykologtenesta skal ivareta arbeidsoppgåver på fleire nivå. Sentrale arbeidsområde er helsefremjande og førebyggjande arbeid, planarbeid, kompetanseutvikling og å medverke til samordna tenesteutvikling i dei fem kommunane. Psykologen rettleier og gjev fagstøtte til fagpersonar som treff barn og unge, og er med i tverrfagleg arbeid i dei ulike kommunale tenestene. Nokre gonger treff ho også barn, unge og foreldre direkte, til rettleiing, oppfølging og lågterskel behandling.

Kommunepsykologen har hovudkontor i Seljord, Brøløsvegen 14 B, men vil ha faste dagar i kvar kommune.

Spørsmål til kommunepsykologen blir retta gjennom kontakt med helsepersonell eller tilsette i skule, barnehage, barnevern eller PPT.

Tilbodet er gratis.