Den rådgjevande eininga for russaker skal ha ansvaret for å møte personar når oppmøte for eininga er satt som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon, inkludera gjennomføring av ruskontroll dersom dette er satt som vilkår. Oppmøte og eventuell ruskontroll påleggas av politiet som vilkår for påtaleunnlating eller som vilkår for dom.  

Politiet formidlar informasjon til rådgjevande eining i kommunen om at ein person har fått ilagt nemnte vilkår. Eininga kallar inn personen til oppmøte og eventuell rustesting dersom dette er eit vilkår. Eininga si primære oppgåve er å gje generell informasjon, råd og rettleiing. Om personen samtykker til det, kan rådgjevande eining tilby helsehjelp og oppfølging av personens rusmiddelbruk.

Kontakt:
Seljord kommune, avdeling for psykisk helse og rus

Fagleg leiar: Maria De Lange Sødal
Telefon: 48 05 63 52 
Epost: maria.sodal@seljord.kommune.no 

SLT-koordinator: Sveinung Gårå
Telefon: 48 03 37 23
Epost: sveinung.gara@seljord.kommune.no