Brukarutstyr
Tokke kommune delar ut brukarutstyr til dei som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen og som injiserer rusmidlar. Utdeling av brukarutstyr er eit tiltak som bidreg til å redusere skader knytt til rusbruk, som smittsame sjukdommar.
Kven delar ut brukarutstyr?
- Ruskonsulent ved psykisk helse og rus, Tokke Kommune
- Legevakt i Vinje Kommune
Når delar me ut brukarutstyr?
- Hos ruskonsulent: stort sett alle kvardagar mellom klokka 08.00 – 15.30
- På legevakt: alle dagar mellom klokka 16.00 – 22.00
Korleis få utlevert brukarutstyr?
- Hos ruskonsulent: ring, eller send sms til nummer 46 93 73 76/ 97 25 80 54
- På legevakt: møt opp i opningstid mellom klokka 16.00 – 22.00