Kva søkjar må gjere
- Søknaden må vera underskriven av heimelshavar/eigar.
- Legg med eit kart som viser kva for eigedomar samanslåinga gjeld.
Vilkår for samanslåing:
- Eigedomane må ligge i same kommune.
- Eigedomane må ha same heimelshavar.
- Samanslåinga må ikkje føre til prioritetskollisjon mellom eventuelle panthavarar.
Kvar skal søknaden leverast
Søknaden din kan du levere på kommunehuset, epost eller med post:
- postmottak@tokke.kommune.no
- Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen
Kva kommunen gjer
- Om alle vilkår for samanslåing er stetta, sender kommunen krav om samanslåing til tinglysing.
- Kommunen kan skrive ut matrikkelbrev over eigedomen som finst i Matrikkelen etter samanslåinga.