Seksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadsblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader.
Reseksjonering er å endre på gjeldande seksjonera eigedom.
Kva må søkjar gjere
Du må søkje om seksjonering/reseksjonering på eige skjema fastsett av departementet.
Kvar skal søknaden leverast
Søknad med original signatur leverast enten på kommunehuset i Tokke eller med post
- Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen
Kva gjer kommunen
- Søknaden din vert handsama i kommunen.
- Har søknaden manglar eller blir av ein eller annan grunn avslegen, vil du bli varsla om dette.
- Blir søknaden din godkjend, vil du og andre aktuelle partar bli varsla om det.
- Kommunen registrerar seksjoneringa i matrikkelen og sender til tinglysing når klagefristen på vedtak om godkjent seksjonering er ute.
- Etter at saka er tinglyst sender me tinglyste dokument og matrikkelbrev som inneheld oppdaterte opplysningar om din eigedom til deg.