Langrenn

Langrennsløyper Hallbjønnsekken, sjå oppdatera løypeinfo her.

Vegbeskriving: Ein kjem inn på løypa fleire plassar langs FV 45, start frå langparkeringa eller frå Hallbjønn høyfjellsenter er mest vanleg.

55-60km løyper preppa med løypemaskin/snoskuter. Klassisk/skøyting.

Langrennsløyper Skafså

Vegbeskriving: Frå Skafsåvegen, i Svingenkrysset ta av inn på Gamleveg mot Skafså Kyrkje, køyr ca. 600 meter og du ser skiløypa på venstre side av vegen.

2 km lysløype. Klassisk/skøyting.

Langrennsløyper Åmdals Verk, sjå oppdatera løypeinfo her.

Vegbeskriving: Frå Skafsåvegen, ta av i krysse inn på Verketvegen mot Åmdals Verk sentrum, etter ca. 200 m ta til høgre inn på Skulevegen. Køyr ca. 100 m og du ser skiløypa startar ved Åmdals Verk Samfunnshus.

3 km lysløype. Klassisk/skøyting.

5 km skogsløype (klassisk) som gjeng rundt Åmlivatn. Skogsløypa er også kobla på lysløypa i Skafså når det er føre til det. 

Langrennsløype Dalen

Vegbeskriving: Frå Storvegen, ta av til Talleiv Huvestads Veg, køyr i ca. 1,4 km og du ser skiløypa på høgre side av vegen

2,5 km lang Klassisk/skøyting

Langrennsløyper Høydalsmo

Vegbeskriving: Med start frå samfunnshuset/skulen kan du nytte dei flotte ljosløypene.  Her vel du mellom 2, 3, 5 og 10 kilometer, i 10 kilometeren er det ikkje ljos. 

Når løypene på Skinan er oppkøyrde kan du anten gå opp dit via 10 kilometeren i ljosløypa eller starte på Grønliheia. Her er det stor parkeringsplass på motsatt side av E134 og du vel mellom 5, 10 og 12 kilometer (om du ikkje vel å gå ljosløypa til og frå i tillegg). sjå oppdatert løypeinfo her.

Langrennsløyper Byrte

Vegbeskriving: Frå Mo-Byrtevegen, ta av inn til gamle Byrte skule der skiløypa startar. 

2 km lang Klassisk/skøyting

Alpint

Hallbjønnsekken alpinbakke

Barnebakke med skålheis

Stor bakke med T-krok heis

Oftejordet i Høydalsmo

Skianlegget i Oftejordet (bak Joker) er eit gratis tilbod til alle som ynskjer å drive med skileik. Hopp, railar, skogsløype og moro er det dei byr på. For å køyre er det krav om hjelmbruk. Trekket er ope og fyr i bålpanna onsdag, laurdag, sundag i vinterhalvåret når forholda tillet det.

Onsdag kl. 18.00-20.00 

Laurdag kl. 12.00-15.00 

Sundag kl. 12.00-15.00 

Hopp

Telemark Hoppannlegg SA

Ligg i Høydalsmo. Høydalsmo idrottslag eig hoppbakkar og bygg i Huka, som Telemark Hoppdrift SA driftar. Dei ynskjer å rekruttere nye hopparar og inviterer born og unge til skileik og utfordringar i dei små bakkane K10, K20 og K30.

Her er ski og sko til utlån, men hjelm må den einskilde sjølv ha med seg. Dei har si eiga facebookside; Telemark Hoppanlegg Høydalsmo.