Fast skjenkeløyve
Serveringsstader som ynskjer å skjenke alkohol må søkje om både serveringsløyve og skjenkeløyve. Løyvet blir gjeve til den personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta.
Tidsavgrensa skjenkeløyve
All skjenking der ein tek betala for alkohol, krev skjenkeløyve. Hovedregelen er at det krevst skjenkeløyve i offentlege lokale og uterom.
Det krevst også skjenkeløyve for arrangement som er opne for publikum, eller arrangement for foreningar, klubbar, kundekveldar, utstillingar o.l. der det blir servera alkohol. Det er ikkje tilstrekkeleg at ein skriv seg på ei liste eller kjøper billettar i førekant.
Salsløyve
Butikkar som skal selje alkohol må søkje om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet blir gjeve til den personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta
Serveringsløyve
Alle stader som vil gjera seg næring av å servere mat og/eller drikke må ha serveringsløyve gjeve av kommunen. Serveringsløyvet blir gjeve til den som har det økonomiske ansvaret for drifta av serveringsstaden. Ein treng også serveringsløyve dersom ein ynskjer fast skjenkeløyve.