Kva vi kan hjelpe deg med

  • Råd og veiledning
  • Skog- og utmark
  • Bygging av skogsvegar
  • Tilskotsordningar
  • Motorferdsel
  • Jakt og fiske

 

Tilskot

Tokke kommune har gjennom mange år gjeve 40% tilskot til utført ungskogpleie. No gjev kommunen ytterlegare 20% tilskot. Nå kan du altså få opptil 60% tilskot på ungskogpleie!
Det blir også gjeve 30 % tilskot til markberedning. Har du spørsmål rundt tilskotsordnigane? Ta kontakt med kommunen.

Utbetaling skjer etter framvising av dokumentasjon (faktura). Har du gjort jobben sjølv tek du kontakt med kommunen for å berekne grunnlaget for tilskot. NMSK tildelingane frå Fylkesmannen kan variere frå år til år. For å vere sikker på å få tilskotet løner det seg å vere tidleg ute.

Tilskot til tettare planting, gjødsling og suppleringsplanting som eit miljøtiltak er også NMSK midlar, men går ikkje av dei tildela midlane til kommunen. Dette tilskotet blir utbetala frå ein nasjonal ramme.

For meir informasjon om NMSK og miljøtiltak, gå inn på  og sjå Ordninger for skogbruk - Landbruksdirektoratet under fana «Eiendom og skog».

 

Forvaltningsansvar og rammer for statlege midlar til jord- og skogbruket i 2023

Skogfond

Som skogeigar har du plikt til å sette av midlar til eit skogfond. Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetting slik at du sjølv kan bruke dei midlane som er avsett, til seinare investeringar på eigedommen din. Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjendt for bruk av skogfond. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unntak av utbetaling som skal gå til å dekke meirverdiavgift.

Ordninger for skogbruk - Landbruksdirektoratet

 

For spørsmål, ta gjerne kontakt.

Landbruksvegar

Du må ha godkjenning av kommunen ved nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar uavhengig av eigedomsgrenser. Konsekvensane som vegen vil ha for natur, kulturminne og friluftsliv, vil bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.

Søke om bygging av landbruksvei - Landbruksdirektoratet