Opplæringslova §7-1 seier at elevar i 2.-10. trinn har rett til fri skyss når dei bur meir enn 4 km frå skulen. Skyssretten gjeld mellom eleven sin heim og eleven sin nærskule.
- Elevar i 1. klasse som har meir enn 2 km mellom heim og skule ein veg, og elevar i 2. –10. klasse som har meir enn 4 km mellom heim og skule ein veg.
- Elever grunna funksjonshemming, skade eller sjukdom, har eit dokumentert behov for skyss.
- Elevar som har plass i SFO, som grunna funksjonshemming, skade eller sjukdom, har eit dokumentert behov for skyss.
- Elevar som ikkje har rett på fri skuleskyss, kan kaupe enkeltbillett, periode eller verdikort. Kan kaupast direkte på buss eller farte.no
- Eleven får ikkje nytt skulekort kvart år, eleven må sjølv taka vare på skulekortet gjennom sumarferien.
- Har eleven mista eller øydelagt skulekortet må det betalast eit erstatningsgebyr for nytt skulekort. Ta kontakt med skulen som bestiller nytt skulekort til eleven.