Snoskuterløyve

Transportløyve - løyve til å utføre leigekøyring som næring §5a

Er såkalla transportløyve/næringsløyve. Dette blir lyst ut kvart fjerde år og er kun mogeleg å søkje då.

Løyve til funksjonshemma §5b

Funksjonshemma kan søkje særskilt løyve. Det blir gjort ei vurdering i kvart enkelt tilfelle utifrå behov og traseynskjer. Legeerklæring MÅ leggjast ved, også ved fornying av løyve. Personar som på grunn av alder eller midlertidig sjukdom er bevegelseshemma, går IKKJE under denne bestemmelsen.

Transport til og frå hytte §5c

Løyvet kan gjevast dersom ein har meir enn 200 m frå brøyta veg til hytte. Avstand reknast etter ei naturleg rute. Løyvet gjeld ikkje rein persontransport. Det er kun heimelshavar og evnt leigetakerar som kan søkje om slikt løyve. Ved leige av hytte må leigeavtale leggjast ved søknaden. Det må òg leggjast ved kart der ønska trasè kjem fram.

Transport av ved frå bilveg til hytte dekkjast av dette løyvet.

Løyve til kjøring i utmarksnæring for fastboende §5d

Gjeld næringsmessig verksemd som til dømes utleigehytter og nødvendig transport i samband med jakt og fiske. Snøskutersafari og liknande kan ikkje gjes løyve til etter denne paragrafen.

Løyve til transport av ved §5e

Transport av hogd vedtømmer frå annan manns grunn kjem inn under denne paragrafen. Transport av ved frå bil og til hytte dekkjast av §5c.

Gjeld søknaden anna enn nemnt ovanfor, kryssar du av for anna føremål og utdjupar.

Er noko uklart, ta gjerne kontakt med kommunen før søknaden sendes.

Anna motorferdsel

Søknadskjema "Motorferdsel i utmark - søknad om løyve" nedst på sida, gjeld for alle type motorferdsel.