Soria Moria er den første installasjonen i prosjektet «Vannvegens fortellingar» som er inndelt i 6 delar der kvar av kanalkommunane skal få sitt verk. Det er Telemarkskanalen regionalpark, saman med kommunane, som står bak prosjektet.

I Vannvegens fortellingar skal kunst, arkitektur og ljos brukast som eit verkemiddel i eit heilskapleg konsept for å løfte fram attraksjonskrafta i landskapet og gjere stadene langs kanalen meir synlege. «Den bærande ideen er at tilreisande og folk som bur i området skal oppleve kanallandskapet på ein ny måte» fortel arkitekt David Fjågesund i Feste Landskap/Arkitektur.

Les meir om Soria Moria og booking.

Kart over Soria Moria, parkering og garderobe

Adresse til Soria Moria: Markensvegen 20, 3880 Dalen