Spesialpedagogisk hjelp
Barn under skolealder har rett til spesialpedagogisk dersom dei har særleg behov for det. Dette gjeld uavhengig av om dei går i barnehage. Formålet med å tilby barn spesialpedagogisk hjelp allereie i barnehagen er å styrke barnet si fungering med tanke på trivsel, meistring og inkludering.
Hjelpa skal styrke enkeltbarnet si deltaking i i barnehagen sitt felleskap og gje barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter. Barnet kan få spesialpedagogisk hjelp individuelt eller i gruppe. Foreldre skal også få tilbud om foreldrerådgivning.
Det er Vest-Telemark PPT som vurderer om barnet ditt har rett til spesialpedagogisk hjelp eller ikkje. Dette skjer i eit tett samarbeid med føresette og barnehagen.
Dersom du meiner at barnet ditt har rett til spesialpedagogisk hjelp, kan du ta kontakt med pedagogisk leiar eller styraren i barnehagen din. Dei vil gi råd og rettleiing.