Tokke kommune har sett fokus på auka bruk av sykkel og gange, og har gjennomført eit forprosjekt - Sykkelbygda Dalen. Arbeidet skal fortsetje i 2022 og vi vil lage ein strategi med handlingsplan for vidare satsing. Gjennomføring av tiltak vil skje fortløpande- i tråd med vedtekne planar og finansiering av prosjekt.
Dalen er ein kompakt tettstad med korte avstandar til mange ulike funksjonar, både offentlege, handel og næring og fritidstilbod. Potensialet til å auke bruken av sykkel og gange vurderast som stort, og vi vil satse på følgande målgrupper:
På Dalen har vi sykkelutleige og utlånsordningar, men vi ser eit stort potensiale til å vidareutvikle sykkeltilbodet og bruk av andre miljøvennlege transportformer. Tilbod og utvikling av dette kan både komme besøkande og innbyggarar til gode. Ulike typar syklar og utstyr samt tilrettelagte tenester som kan koplast til sykling og sykkelturar, t.d. matpakker, utleige av turhengar med utstyr til å overnatte m.m. Det ligger og stort potensial i å utvikle pakkeløysingar knytt til Telemarkskanalen med kombinasjon sykkel og kanalbåt eller frakt og levering av eige eller leigd utstyr til hytter/overnattingsstader. I samanband med utvikling av utleigetilbod vil det og vere formålstenleg å sjå på utvikling av infrastruktur og tekniske løysingar for sykkelparkering, ladepunkt, sykkelverkstad, moglegheiter for dusj og skift.
Visit Dalen har tidlegare satt i gang eit arbeid med eit sykkelkart der formålet var å synleggjere sykkelruter, turmål, overnattingsplassar og attraksjonar. Vi vil gjerne få på plass digitale løysingar som er enkle å bruke og drifte- både for innbyggarar og besøkande.
Rapport forprosjekt 2021 - Sykkelbygda Dalen kan du lese her