Offentleg tannhelseteneste

Fylkeskommunen har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta og tilbyr gratis behandling til prioriterte grupper. I tillegg får 19- og 20-åringar tilbod om behandling til 25 % av offentlege takstar.

Den offentlege tannhelsetenesta skal gje eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til desse prioriterte gruppene:

  • Born og ungdom frå fødselen til og med det året dei fyller 18 år
  • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
  • Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
  • Flyktningar og asylsøkarar på statlege mottak
  • Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret 
  • Andre grupper som fylkeskommunen har vedteke å prioritere

I tillegg har rusmiddelavhengige/-misbrukarar under kommunal rusomsorg rett til gratis tannbehandling.

Fell du inn under ei av dei prioriterte gruppene, treng du ikkje søkje om tenesta. Fylkeskommunen skal vere oppsøkjande. Gje melding dersom du eller borna dine ikkje blir følgde opp.

Ta kontakt med kommunen for støtte til tannbehandling etter pasient- og brukarrettslova. Ta kontakt med Nav Trygd for stønad til tannbehandling i samband med sjukdom.

Tannlegevakt

Tannlegevakt Grenland tilbyr akutt tannlegetime og kan brukast ved akutt behov for tannlege utanom ordinære opningstider, som i helger, høytider og heilagdagar.

Sjå meir informajson her.