Tokke kommune gjev tilskot til tiltak og investeringar i landbruket som medverkar til auka lønsemnd, aktivitet, rekruttering og busetjing.
Søknad
Før du søkjer, er det viktig å lese gjennom reglane og vilkåra for det kommunale tilskotet, sjå nedanfor. Som søkjar vil du bli beden om å akseptere desse vilkåra.
Landbruksføremål - Søknad om kommunalt tilskot
Vilkår for tilskot etter landbruksplan
- Tilskotsmottakar sitt føretak skal halde til i Tokke
- Tilskotet skal gå til eit jordbruksføretak som driv aktiv landbruksnæring og til eit tiltak med næringsmessig preg. Unnataket er dreneringstilskot der både eigar og leigar av jordbruksjord kan søkje.
- Søknadar skal vere skriftlege. Kommunen set krav til søknad og dokumentasjon, jf. eige søknadsskjema. Søknadar vert handsama fortløpande, og kan knytast opp mot evt. søknad til Innovasjon Norge.
- I medhald av delegasjonsreglementet gjev landbruk, miljø og teknisk utval, administrasjonen mynde til å gjere vedtak i kurante saker etter regelverket. Dette gjeld og for andre søknader med løyving under kr 10 000,-.
- Sakshandsamar skriv vedtak, fastsett arbeidsfrist og vilkår som gjeld for tilskotet.
- Kommunen kan krevje dokumentasjon av kostnader, og kan krevje synfaring ved sluttgodkjenning
- Det kan søkjast om utsett arbeidsfrist, men ikkje meir enn totalt fem år. Kommunen kan utan varsel trekke inn løyvingar som ikkje er nytta innan fastsett arbeidsfrist.
- Tilskot kan delutbetalast, men 25 % skal haldast att til prosjektet er ferdig og det føreligg eit sluttrekneskap.
- Dersom eit prosjekt utløyser tilskotssum over 100 000 skal søkjar sende skriftleg aksept for at tilskotsmottakar mottek tilskotet.
- Tilskotssum vert redusert tilsvarande dersom storleiken på prosjektet vert mindre enn rekna.
- Krav om drift i minst 5 år etter prosjektet er sluttført. Dersom drifta vert avslutta før må tilskotet tilbakebetalast tilsvarande attståande driftsår.
Føremål det kan gjevast tilskot til
Vedteke i kommunestyret 13.12.22
Satsingsområde | Tilskotssats |
Driftsbygningar: nybygg, oppgradering og ombygging etter offentlege krav, gjeld også solcellepanel på landbruksbygg | 20 % av kostnad, inntil kr. 700 000. 30 % for prosjekt opp til kr. 1. mill. |
Nydyrking til fulldyrka jord (må ha godkjent plan) | kr. 6000 pr. daa, inntil kr. 250 000 |
Drenering av jordbruksjord (gjeld lukka drensgrøfter) | kr. 70 pr. lm, avgrensa til kr 2500 pr. da. |
Oppgradering av dyrka mark (utover ordinær fornying av eng) | kr. 2500 pr. da. |
Elektronisk overvaking og gjerdeteknologi for beitedyr (gjeld ikkje abonnement) | 30 % tilskot til kjøp av avgrensa oppover til kr. 900 pr. stk. |
Kjøp av mjølkekvote | 75 % av statleg pris |
Plastpresse for landbruksplast | 20 % av kostnad, inntil kr. 8000. |
Oppstartstilskot ved etablering med frukt grønt/marknadshage/andelslandbruk m.m. | Kr. 30 000 |
Tilskot ved generasjonsskifte | Kr. 100 000 |
Motormanuell hogst | kr. 100 pr. m3 |
Ungskogpleie | 20 % av kostnad pr. da |