Kulturmidlar kan gjevast til

  1. Drift av lag og foreiningar tilhøyrande i Tokke kommune (kulturmidlar)
  2. Prosjektretta tiltak
  3. Arrangementsstønad (Direkte tilskot, dekning av underskot)
  4. Tilskot til kulturarbeid for funksjonshemma
  5. Stipend til unge idrettsutøvarar
  6. Kulturpris
  7. Verne- og restaureringspris

Det er etaten for oppvekst- kultur og idrett som administrerer og tildeler midlar til kulturfeltet. Oppvekstutvalet er det politiske organet i kommunen som handsamar søknader som krev politisk avgjersle i høve midlar til kulturfeltet som fell innanfor dei generelle retningslinjene for tildeling.

Retningslinjer for tildeling

Tilskot kan gjevast til lag og foreiningar, aktivitetsgrupper og enkeltpersonar tilknytt Tokke kommune som driv aktivitet i kommunen. For å kunne motta midlar må aktiviteten høyre inn under kultur sitt virkefelt.

Organisasjonar og andre som primært har som oppgåve å ta vare på medlemmanes yrkes og/ eller økonomiske interesser, samt organisasjonar med lukka medlemskap eller rasistiske haldningar er utelatt frå ordninga. Reine kommersielle tiltak har heller ikkje tilskotsrett.

Oppvekst- kultur og idrettsetaten kan krevje tilsendte vedtekter, medlemslister og revidert rekneskap av tilskotsmottakar.

For å kunne handsame søknadane raskt og korrekt må desse innehalde alle dei opplysningane retningslinjene krev, jmfr skjema på Tokke kommune si heimeside. Ved behov for hjelp til korrekt utfylling må søkjar kontakte oppvekst- kultur og idrettsetaten.

Tilskotsmottakarar skal i annonser/ marknadsføring osv ved arrangementsstønad/ prosjektstønad synleggjere at Tokke kommune har støtte aktiviteten. Dette kan gjerast ved å nytte teksten «…. er støtta av Tokke kommune».

Ved brot på retningslinjer vil tilskotmottakar miste sin rett til å motta tilskot påfylgjande år.

Søknader med søknadssum over kr 10.000,- skal avgjerast av Oppvekstutvalet, søknader under dette vert avgjort administrativt.

Søknader med søknadssum over kr 20.000,- skal handsamast av kommunestyret i samband med budsjett og økonomiplan påfylgjande år. Søknadsfrist 1. desember.

Drift av lag og foreiningar tilhøyrande i Tokke kommune (kulturmidlar)

Driftstilskot gjevs til lag og foreiningar som driv kontinuerleg verksemd i kommunen og har som primær oppgåve å drive kultur- og organisasjonsarbeid.

Driftstilskot kan variere frå år til år utifrå vedteke budsjettpost. Fordelinga vert skjønnsmessig føreteke. Fylgjande kriterier vert vekta:

  • Tal på aktive medlemmar
  • Aktivitet
  • Økonomisk eigeninnsats (inkludert dugnadsinnsats)
  • Eigenkapital til laget
  • Aktivitet for barn og unge vert prioritert


Søknadsfrist (15. mars) må overhaldast. Eige skjema på nedst på sida. Mangelfulle og for seint innkomne søknader vert avslått.

Søknaden skal innehalde

  • Årsmelding siste år
  • Rekneskap siste år
  • Budsjett for inneverande år
  • Handlingsplan for inneverande år

Dersom årsmøte ikkje er avhalde må dette skrivast i søknad og ettersendast før ein evt får utbetalt midlar.

Endeleg fordeling skjer administrativt ved eining for oppvekst- kultur og idrett. Melding om avslag vert grunngjeve.

Prosjektretta tiltak

Søknader kan sendas på prosjektretta tiltak. Søknad må innehalde ei skildring og avgrensing av tiltaket, samt budsjett. Døme på prosjektretta tiltak kan vere utgjeving av bok, CD etc.

Prosjektretta tiltak kan gjevas tilskot på opptil 20 % av totalkostnad for prosjektet, avgrensa oppad til kr 20.000,-.

Tilskotet er behovsprøva.

Arrangementsstønad

Det kan gjevast stønad til gjennomføring av arrangement i Tokke kommune der kultur er føremålet. Tilskot er avgrensa til maks kr 20.000,- (dette gjeld og underskotsgaranti).

Søknadsfrist heile året. Stønad kan søkjast i to former:

 

  • Direkte tilskot

Søkjar kan søkje om direkte tilskot basert på søknad og budsjett. Tilskot er behovsprøva.

  • Dekning av underskot

Dersom søkjar er usikker på økonomien knytt til eit arrangement og underskot kan gje store konsekvensar for laget kan ein søkje ein underskotsgaranti av kommunen.

Tilskot til kulturarbeid for funksjonshemma

Dersom eit lag eller foreining driv særskilt verksemd for å inkludere og aktivisere menneske med funksjonshemning i Tokke kan ein søkje midlar til dette.

Tilskot på inntil kr 5.000,- Søknadsfrist heile året.

Stipend til unge idrettsutøverar

Unge idrettsutøvarar mellom 16 og 20 år kan søkje om idrettsstipend. Tildeling skjer etter anbefaling frå Tokke idrettsråd. Tilskotet vert fordela etter tilgjengelege midlar og talet på søkjarar, basert på korleis søkjarane oppfyller kriteriene.

Ved fleire søkjarar står idrettsrådet og Oppvekstutvalet fritt til å rangere søkjarar og fordele midlar til ein eller fleire av søkjarane.

Kriterier:

  • Må ha fylt 16 år i søknadsåret kan fylle 20 år i søknadsåret
  • Må drive seriøs satsing innanfor ein idrett og syne til deltaking i konkurransar på nasjonalt nivå
  • Må vere medlem av idrettslag eller klubb i Tokke kommune (kan gjerast unntak ved mindre idrettar der Tokke ikkje har eigen klubb innanfor den aktuelle grein og søkjaren er busett i Tokke)
  • Må ha vedlagt uttale frå trenar/ klubbansvarleg om utvikling og satsing
  • Prisen delast ut av leiaren i OKI, i samband med Dalsmarken


Søknadsfrist 1. mai.

Kulturpris

Kulturprisen har eigne retningslinjer vedteke i kulturutvalet 25.10.05 (05/058).

Prisen er på kr 15.000,- og diplom. Prisen kan delast ut årleg av Oppvekstutvalet dersom det er verdige kandidatar.

Vedtekter

Verne - og restaureringspris

Verne- og restaureringsprisen har eigne vedtekter, vedteke i Kulturutvalet i sak 02/98.

Prisen er på kr 15.000,-, ein plakett og diplom. Prisen kan delast ut årleg av Oppvekstutvalet dersom det er verdige kandidatar.

Vedtekter

Desse har tidlegare motteke prisen:

2015 Thor Morten Halvorsen

2014 Anne Aamdal Scheie og Trond Scheie

2006 Annlaug Engedal og Åge Kjestveit

2002 To prisar: Tone og Kjell Storøygard og Anne og Torgeir Midjås

2000 To prisar: Nora Vinjerui og Geir Ekre og Knut Gaastjønn og Sigrun Skare

1999 Else Veum

1997 Gunn Siri og Bjørn Joar Vindal

1996 Evelyn og Bjørn Andersson

1994 Borghild og Trygve Landsverk

1992 Gunnar Blomhaug