Sjukeheimen har tre avdelingar. Avdeling A og B er sjukeavdelingar med til saman 23 enkeltrom . Avdeling C er ei skjerma eining med 7 enkeltrom.
Tokke sjukeheim har eige storkjøkken, vaskeri , frisør- fotpleiesalong og vennestoge. Uteområda, med bl.a ein sansehage, er lett tilgjenglege og tilpassa for å vere trygg
Opphald
Kortidsopphald
Korttidsopphald (døgn- dag- eller nattopphald) kan ha eit eller fleire av desse måla:
- rehabilitering og opptrening etter sjukdom eller skade.
- som ledd i tilbakeføring til eigen heim etter sjukehusopphald
- behandling der legen finn dette tenleg som alternativ til sjukehusinnlegging
- For å auke evna til eigenomsorg ved nedsett allmentilstand
Vedtak vert fatta jfr.Lov om helsetjenester i kommunane. Vedtaket vert i regelen fatta for ein kortare periode. Under opphaldet vert det vurdert om du er klar for utskriving, om perioden bør utvidast, alternativt om du bør søke om langtidsopphald.
Langtidsopphald
Ved behov for døgnkontinuerleg tilsyn, pleie og helsehjelp som ikkje kan ivaretakas i heimen eller ved omsorgsenter/bustad. Vedtak vert fatta jfr Lov om helsetjenester i kommunane.
Avlastningsopphald
Tidsavgrensa opphald for personar, som mottar hjelp i heimen av privat omsorgsytar (oftast nærståande). Omsorgsytarens omsorgsarbeid skal vere ”særleg tyngande”.
Målet med tenesta er difor å avlaste den som yter hjelp i det daglege. Avlastningsopphald innheld ikkje utreiing, medisinsk behandling eller fysioterapi. Er det trong for dette, vil ein få tildelt korttidsopphald. Vedtak vert fatta Jfr Lov om sosiale tjenester i kommunene.
Søknad om opphald
Søknad sendas til:
Tokke kommune, Helse- og omsorgsetat
v/ Tildelingskontoret
Revahaugvegen 2
3880 Dalen
Du kan få hjelp med din søknad ved å kontakte tildelingskontoret:
Tlf. 35 07 55 74
Tlf. 35 07 52 00 (sentralbord)
Tildeling av plass
Tildeling av plass avgjerastt i Tiltaksteam etter behovsprøving. I høve til søknad om tenester, er det nødvendig å kartlegge ditt behov. Det er din medisinske tilstand og ditt funksjonsnivå som ligg til grunn ved behovsvurderinga. Det kan bli aktuelt å hente inn opplysningar om di helse, til dømes frå din fastlege. Dette kan kommunen gjere kun om du gjev ditt samtykke.
Det kan og vere ynskjeleg med ei nærare samtale med deg for å finne fram til gode, tilrettelagte tenester. Ei slik samtale kan skje ved heimebesøk eller per telefon.
Du skal forvente at du får skriftlig vedtak, informasjon om klageadgang og om eigenbetaling.
Prisar
Avlastingsopphald
Vederlagsfritt. Opphaldet inkluderer medisin, mat og pleie.
Korttidsopphald
Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren.Vederlaget er fastsett i statlig forskrift. I opphaldet skal det gis medisinsk behandling og rehabilitering med tanke på attendeføring til heimen. Tenesten kan innebere legetilsyn, fysioterapi, ergoterapivurdering, behandling, medisin, mat, pleie og sosiale aktiviteter.
Langtidsopphald
Vederlaget er fastsett i statlig forskrift. Vederlaget inkluderar legetilsyn, behandling, tannlege, medisinar, mat, pleie og sosiale aktivitetar
Lommepenger
Me anbefalar at eit begrensa kontantbeløp oppbevares på rommet. Safe for penger og verdisaker kan nyttast om du tek kontakt med Pleie- omsorgskontoret, som er ope.
Kvardagar 08-00 – 15.30.
I henhold til ”Forskrift 0m disponering av kontantytelser frå folketrygden under opphold i sykehjem og boform for heldøgns omsorg ” skal ledelsen for boformen disponere kontantytelse etter folketrygden for de beboere som ikke selv er i stand til å disponere midler. Denne beslutning tas av sykehjemmets lege i samråd med nærmeste pårørende eller beboers verge og den som har det sykepleiefaglige ansvar for beboeren.
Kontantytelsane vil seie det som utbetalast kvar einskild pasient når utgiftene til opphaldet er trekt frå. Sjukeheimen kan då disponere midlane slik at dei kjem pasienten til gode.
Hjelpeverge
Dersom du ikkje klarar å ivareta din økonomi, kan du få oppretta ein hjelpeverge. Ein hjelpeverge er rettsleg stadfortredar og forvaltar for ein annen person.
Personopplysningar og teieplikt
Personopplysingar vert behandla konfidensielt. Sjukeheimen nyttar eit elektronisk dokumentasjonsprogram i ei såkalla sikker sone.
Kommunane har plikt å registrere grunnlag for nasjonal statistikk for pleie- og omsorgssektoren; IPLOS-registrering. IPLOS er systematisert standardinformasjon basert på individopplysingar om søkarar og mottakarar av kommunale sosial- og helsetenester (pleie- og omsorgstenester). Viss du ynskjer å reservere deg mot registrering av diagnoser, venlegst gje beskjed til avdelingsleiar.
Du skal være trygg på at sjukeheimens ansatte verner om din integritet. Alle som utfører teneste eller arbeid i kommunens helsetjeneste har lovpålagd taushetsplikt. Det er du som pasient som må gi ditt samtykke om kva og til kven informasjon får gis.
Praktisk informasjon frå A til Å
Aktivitetar
Aktivitørar arrangerar ulike aktivitetar i eigne lokale, den såkalla Vennestoga,
Måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00
- Vekentlege andaktar
- Tirsdags bingo
- Høgtlesing
- Songsamlinger/ Konsertar
Aviser /Vekeblad
Sjukeheimsavdelinga abonnerar på ei lokalavis. Du kan naturlegvis fortsetje med abonnement på eigne aviser og vekeblad.
Bakgrunnsopplysingar
Ved innskrivinga på sjukeheimen blir du og/ eller dine pårørande intervjua. Vi vil til dømes gjerne ha opplysingar om interessene dine og dine vanar slik at vi kan tilretteleggje for din trivsel.
Besøke slekt/venner
Besøke slekt eller venner kan du sjølvsagt halde fram med å gjere sjølv om du er bebuar ved sjukeheimen. Dette kjem an på dine krefter, di helse og dine ynskje
Besøkstider
Ikkje faste besøkstider - pårørande er alltid velkomne innom!
Ved private selskap, til dømes bursdagsfeiring eller høgtider, med mange gjester, kan Vennestoga leigast. Ver ute i god tid! Ver oppmerksam på at personalet i liten grad kan bidra med organisering, borddekking og rydding etterpå.
Ergoterapi
Kommunen har eigen ergoterapeut som formidlar hjelpemiddel ved behov.
Film/ bøker/musikk/lydbøkar
Sjukeheimen har eigne biblioteksombud som låner på Tokke bibliotek. Gje beskjed om du har særskilde ynskje. Dette vil vi prøve å etterkome.
Fotpleie
Er kostnadsfritt ved medisinske behov (eks. diabetes). I andre tilfelle må du sjølv betale. Vi formidlar kontakt
Frisør
Vi formidlar kontakt, men du må sjølv betale.
Fysioterapi
Kommunen har eigen fysioterapeut som behandler pasienter etter vurdering av medisinsk behov for opptrening.
Hjelpemiddel
Har du personlege hjelpemiddel som syn-,hørsel- eller ganghjelpmiddel (rollator, rullestol el.l.) bør du ta med dette til sjukeheimen. Andre hjelpe-middel vil bli tilpassa ditt behov med hjelp av ergoterapeut.
Hygienartiklar
Sjukeheimen syter for elementære hygienartiklar. Bruker du spesielle hudpleieartiklar, deodorant, sminke, hårpleieartiklar og barberartiklar må det innkjøpes privat ( Jfr. Primærkontakt)
Kledesalg
Ulike firma kjem til sjukeheimen fleire gonger årleg for sal av klede. Vil du ha hjelp, kontaktar du din primærkontakt.
Korttids opphald (Innleggelse)
Medbring klær og toalettsaker som dekker behovet for den perioden oppholdet varer. Ta med medisiner og hjelpemidler som dagleg brukas i hjeimen.
Langtidsopphald (Innflytting) Samråd gjerne med personalet på avdelinga
Ta med, etter dine behov: Klær og skor til bruk inne og ute, morgenkåpe, tøfler, toalettsaker, medisiner, briller, høreapparat, ganghjelpemiddel, lesestoff, handarbeid, hobbysaker, bilder, fotografier, møbler, radio, Cd, TV
Lege
Sjukeheimen har to tilsynslegar med legevisitt tirsdagar respektive fredagar på sine avdelinger. Ellers kontaktas lege ved akutte behov. Pårørande kan på førehand avtale samtale med legen på visittdagane om dette er klarert med pasienten. Legane nås også på telefon måndag - fredag kl. 08.15 – 08.45.
Medisin
Sjukeheimen administrerar all medisinering. Medisin er kostnadsfri under opphaldet. Medisin på sjukeheim må oppbevaras innlåst.
Måltider
Ynskjas tidlegare eller seinare servering gis tilbod om det liksom ekstramål og ved behovdiettar. Er det mat som du ikkje likar får du tilbod om alternativ.
Kl 08.00-10.00 Frukost
Kl 12.15 Lunsj (Drikke, frukt m.m.)
Kl 15.30 Felles middag med dessert
Kl 19.00-21.00 kveldsmåltid (Kaffe/te/kakao/brød/pålegg - laurdagar: varmrett)
Post
Du må sjølv ordne omadressering dersom du ynskjer din post til sjukeheimen. Post blir utdela rundt middagstid mand- lørd.
Prest
Vi formidlar kontakt med prest, dersom du ynskjer personlig samtale eller nattverd.
Primærkontakt
Ved langtidsopphald får du ein kontaktperson, som har eit særskilt ansvar for bistå deg med praktiske ting. (Eks. innkjøp, rydding av skap med meir.)
Privat TV og telefon TV-lisens
Det er tilrettelagt på alle rom for TV og telefon. Sjukeheimens TV-lisens dekker også private apparat.Telefonabonnement må teiknas privat.
Rom
De fleste rom har eige toalett og dusj. Roma har ei grunnmøblering med seng, nattbord, stolar og bord. Du kan supplere med eigne møblar, bilder og pynt for å få det heimekoseleg. Av omsyn til tryggleiken, kan du ikkje ta med deg ryer og golvtepper.
Røyking
Røyking ved sjukeheimen er underlagd særskilde regler av hensyn til miljø og brannsikkerhet. Røykerom for bebuarane finn du ved sidan av hovudinngongen
Tannlege
Tannlegebehandling er gratis ved langtidsopphald.
Transport
Transport til medisinsk behandling med legerekvisisjon vert dekt. Me ynskjer at pårørande er behjelpelege med å fylgje pasienten i slike høve.
Vaksinasjon
Alle får tilbod om årleg influensavaksinering
Vask av private klede
Sjukeheimen har eige vaskeri, som også vasker private klede om det er ynskjeleg. Private klede må merkast med navnelappar eller på anna måte som tåler vask. Vaskeriet utfører ikkje rens eller handvask av klede, dette må i så fall gjerast privat.
Verdisaker/ Innbuforsikring
Kommunen har ikkje forsikring som dekker private eigendeler. Du må sjølv ha innbuforsikring dersom du oppbevarer verdifulle gjenstander på rommet ditt.
Årlig medisinsk kontroll
Gjennomførast rutinemessig av tilsynslege. Ved kontrollen kan pårørande vera med dersom pasienten ynskjer dette.
Kva skal du forvente ved Tokke sjukeheim?
- å oppleve trygghet, forutsigbarhet og respekt i forhold til tenestetilbodet
- å ha mogleghet for å sjølv ivareta din eigenomsorg
- å få dekka dine fysiologiske behov som tilstrekkeleg næring, variert og helsefremmande kosthald og rimeleg valgfrihet i forhold til mat.
- å få tilpassa hjelp ved måltider og nok tid og ro til å ete
- å få ivaretatt personleg hygiene og naturlege funksjonar
- å få tilpassa hjelp ved av- og påkledning
- å få følge ein normal døgnrytme og unngå uønska og unødig sengeopphald
- å få mogleghet for ro og skjerma privatliv, sjølvstendighet og styring av eige liv
- å få ha mogleghet for samvær, sosial kontakt, fellesskap og aktivitet
- å få tilbod om varierte og tilpassa aktivitetar både ute og inne
- å få naudsynt medisinsk undersøking og behandling, rehabilitering, pleie og omsorg tilpassa ditt behov
- å få nødvendig tannbehandling og ivareteke munnhygiene
- å få ein verdig livsavslutning i trygge og rolege omgivelser
Kva forventast av pasient og/eller pårørande?
- at du eller dine næraste pårørande seier ifrå om dine ynskje og behov
- at du og dine pårørande bidreg til eit godt samarbeid og deltek i eventuelle brukarundersøkelsar, pårørandemøte, ulike arrangement etc.
- at du deltek i din eigenomsorg i den grad du er i stand til det