Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tokkebadet

Tokkebadet

Tokkebadet har to avdelingar.

Eit basseng på 12,5 meter med temperatur på 28 grader, og eit terapibad med 34 grader. I terapibadet er det babybasseng, sitteavdeling med bobler for avslapping, og kaldkulp.

 

Det er vanleg at symjehallane er stengt om sommaren i tida 1. mai - 15. september i samband med vedlikehaldsarbeid.

Tokkebadet har ikkje kortautomat. Betalingsmåte er Vipps (126594 Tokkebadet), eller kontant.

Sesong- og årskort kjøper du med Vipps hos badevakta. Vipps-kvitteringa er bevis på sesong- og årskort. Denne kvitteringa viser du til badevakta.Dersom du heller vil betale sesong- og årskort med visakort, må du gjere det i resepsjonen på Tokke kommunehus.

Sesongkort er gyldig enten haust (f.o.m opning av badet ca. 15. september t.o.m 31. desember), eller vår (f.o.m 1. januar t.o.m stenging av badet ca. 1. mai).

Årskort fylgjer vanlegvis opningsperioden 15. september til 1. mai, men kan også gjelde frå 1. januar til 31.12 dersom du heller ynskjer det.

Basseng