Kommunen har ansvar for at personar som oppheld seg i kommunen får tilbod om naudsynte helse- og omsorgstenester.
Teneste/tildelingskontoret i Tokke kommune gjev informasjon om ulike tenester, mottek og handsamar søknader, og gjer vedtak. Tenestekontoret/tildelingskontoret er ei koordinerande eining for helse- og omsorgstenestene med ansvar for habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator for dette.
Tenestekontoret tildeler:
- lovpålagde helse- og omsorgstenester etter helse- og omsorgstjenesteloven, pasient- og brukerrettighetsloven og forskriftene knytt til lovene.
-Ikkje lovpålagde tenester etter forvaltningsloven: Startlån etter forskrift frå Husbanken
Tenestekontoret hentar informasjon og kartlegg trongen for tenester i samråd med brukaren/pasienten eller deira representant. For å sikre god individuell handsaming og rettstryggleik treng tenestekontoret fullmakt til å innhente naudsynte opplysingar, sjå punktet om informert samtykke og fullmakt på søknadsskjemaet.
Teneste/tildelingskontoret skal sørgje for at:
-søkjarane får god og tilstrekkeleg rettleiing og informasjon om tenestene, rettar og plikter.
-dei ulike tenestene til brukarane og pasientane vert samordna og at tenestene er forsvarlege
Tenestekontoret formidlar og søknadar om tenester på feltet helse og omsorg som gjeld:
Ikkje lovpålagde tenester etter forvaltningsloven:
- Følgjeløyve etter nasjonale retningsliner for følgjeløyve
- TT-kort (tilrettelagd transport) etter retningslinene for Telemark fylkekommune
- Parkeringsløyve ved rørslehemming
Rettleiing - nasjonale retningsliner for ledsagerbevis for funksjonshemma
Søknadsskjema:
TT kort søknadsskjema Tilrettelagt transport
Informasjon om TT ordninga Nynorsk i Vestfold og Telemark