Kva vi kan hjelpe deg med

  • Bindeledd mellom lokal reiselivsnæring og regional/statleg myndighet og verksemder (eks. Visit Telemark, Telemarkskanalen, Telemark fylkeskommune, Visit Norway)
  • Bistå i marknadsføring og salsretta tiltak
  • Tilrettelegging for aktiv bruk av natur
  • Vidareformidle aktivitetar, arrangement og tilbod frå lokale aktørar
  • Tilskot og støtteordningar
  • Informasjons – og kulturarbeid

Visit Dalen.png

Tokke tilbyr

Dalen i Tokke ligg i hjarta av Telemark i den øvre enden av Telemarkskanalen.

Ei reise på Telemarkskanalen frå 1892 er ei reise i natur og kultur, gjennom sluser og kanalar og over store vatn der naturen stadig endrar seg. Kanalen strekkjer seg 105 km inn i landet fra Skien til Dalen - eit unikt stykke kulturhistorie frå kyst til fjell.

Her finn du fantastiske kulturskattar både langs landevegen og på flotte museum. Vest-Telemark Museum med flotte utstillingar og historieforteljingar, bygdetun og aktivitetspark med miniatyrmodell av Telemarkskanalen. Vakraste Eidsborg stavkyrkje frå 1250– ei levande soknekyrkje med ei unik historie. Åmdals Verk Gruver med spennande gruvevandring og geologiutstilling. Grimdalstunet med bygdetun og skultpurar av bilethoggaren og eventyrjenta Anne Grimdalen. Ravnejuv – spektakulært utkikkspunkt og 350 meter høg juv; kast eit blad utfor og sjå det komme opp att med luftstraumen! Dalen Hotel – eventyrhotellet frå 1894. Husmannsplassen Rui der dei nydelege Ruijentene Ingerine og Gurine budde.

For deg som er glad i å vandre er Dalen og Tokke eit paradis

Me har mange godt merkte og vakre turstiar frå lågland til høgfjell, gjerne lagt i tilknytning til ulike kulturminne. Gå spektakulære Lårdalstigen – himmelturen høgt over Telemarkskanalen, vakre sherpatrappa av brynestein opp til Rui og vidare til Eidsborg med vandring til Brynsteinbrotet. Naturopplevingar får du på alle kantar, om du er ute og vandrar, padlar på eller syklar langs Telemarkskanalen, eller kanskje er på jakt etter storauren i Tokkeåi.

Eit bad i Bandak etterfulgt av eit besøk i unike Soria Moria sauna er ein perfekt avslutning på ein aktiv dag i naturen!

Me har gode overnattingsstader

Storslåtte Dalen Hotel, Buøy camping med hytter og camp, Bandak Camping i Lårdal, B&B, Storvegen 190 og unik soveboks i Bandaksli for syklistar og padlarar, 

Er du på jakt etter eit godt måltid

Då kan du nyte det i sommarvarmen på bryggjekanten eller oppe på fjellet på Hallbjønnsekken etter vandre-eller skituren. Dalen Hotel har eit førsteklasses kjøkken som leverar matopplevingar utanom det vanlege.

Me har koselege butikkar og handelssentrum, der du kan gjere ein god handel og finne ting du ikkje finn alle andre stader.

Vinterstid

Hallbjønnsekken, Høydalsmo og Øyfjell byr på flotte preparerte skiløyper i variert og vakkert terreng. På Hallbjønnsekken har me også eit skitrekk med 2500 meter nedfartar i naturleg variert terreng.

Besøk oss på turistkontoret på Dalen for råd og tips til opplevingar, kjøp av turkart, fiskekort, Ruikopp, postkort, boka om Rui-jentene med meir! På www.visitdalen.com kan de lese om alt Dalen og Tokke har å tilby!


Velkommen skal de vere!

Soria Moria booking

Her kan du booke Soria Moria badstoge

SORIA MORIA DROP-IN:
Kvar onsdag framover frå 10. januar 2024 - 17. mai 2024,
frå kl. 18.00 - 20.00.
Vipps kr. 50,- pr. pers til nr. 550539. Om de ikkje har vipps, kan de legge kontantar i kontantkassa på veggen i skifterommet, eller betale med kort på kommunehuset før kl. 15.30

 

 

Miljøfyrtårn

Tokke Kommune er no i gong med å miljøfyrtårn-sertifisere kommunehuset.

Før utgangen av 2024 vil kommunehuset gjennomgå miljøfyrtårn-sertifisering, og i løpet av denne perioden vil vi få konkrete verktøy som gjer det mogleg å arbeide målretta med å forbetre miljøprestasjonane innan områda arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport.

Prosessen er ein del av ei forstudie som tok til i 2018 om berekraftig reiseliv i Vest-Telemark. Oppdraget vart bestilt av næringskollegiet i Vest-Telemark og finansiert av dei seks kommunane i Vest-Telemark og Vest-Telemarkrådet. Du kan lese meir om denne spennande prosessen her.

Dersom du har spørsmål eller ynskjer å kome med innspel i sertifiseringsprosessen, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt. Vi ønskjer å involvere innbyggjarar og interesserte for å gjere denne prosessen så inkluderande som mogleg.

Les meir om miljøfyrtårn og FNs berekraftsmål her.

 

Ta kontakt med prosjektansvarlig Elisabeth Spockeli, 
epost: elisabeth.a.spockeli@tokke.kommune.no, telefon: 35 07 52 45, mobil: 47 68 11 30