Utleige småviltjakt

Tokke kommune leiger ut småviltjakt på kommunal eigedom på Skafsåheia.

Det er mogeleg å jakte på rype, skogsfugl, hare og rev.

Klikk her for meir informasjon.

Småvilt

Tokke kommune har vedteken lokal forskrift som seier at bever no kan jaktast på som småvilt. Fellingsløyve blir difor ikkje lenger gjedd.

Lokal forskrift

Fallvilt og ettersøk

Formann i Tokke Jegekorps er Knut Gaastjønn

Vakttelefon 

tlf. 976 89 403

Fellingsavgift

Vaksen elg 620 kr

Kalv elg 370 kr

Vaksen hjort 480 kr

Kalv hjort 290 kr

Bankkontonr. for innbetaling: 1594.26.11703

Bandtvang

Det er generell bandtvang i Tokke, jf. Lov om hundehald (hundelova) frå 1. april – 20. august.


Tokke kommune har ei eiga forskrift hundehald i kommunen.

 

Jegerprøve

Jegerprøveeksamen kan takast frå det året du fyller 14 år. Du må vere fylt 16 for å kunne drive sjølvstendig småviltjakt og fangst, og 18 år for å drive sjølvstendig storviltjakt. Frå 14 til 16 år kan ein vera med på opplæringsjakt utan å ha tatt jegerprøva, med ein erfaren jegar. Etter fyllte 16 år, må jegerprøva vere tatt. 

Jegerprøveeksamen består av eit obligatorisk kurs og ein skriftleg eksamen. Kursa arrangerast av lokale Jeger- og fiskeforeningar. Kommunen arrangerar eksamen i samarbeid med kursarrangør. For å kunne gå opp til eksamen må du ha gjennomført det obligatoriske kurset og framlegge bevis for betalt eksamensgebyr. Dersom du består prøva blir du registrert i jegerregisteret og får tilsendt jegeravgiftskort.

Dersom du ynskjer å delta på kurs i Vinje, tar du kontakt med Tokke Jeger og fisk.

Fiske

Det er fleire aktørar som tilbyr fiskekort i kommunen. Nokre av dei finn du på www.inatur.no  Det er også mogeleg å kaupe fiskekort på Dalen turistkontor.