Sanitært avløpsvatn
Ved etablering av nye utslepp eller vesentleg auke av eksisterande utslepp er det krav til søknad og utsleppsløyve. Søknad om deling av eigedom, oppføring av bygning med innlagt vatn eller innlegging av vatn i eksisterande bygning utløyser krav om utsleppsløyve. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg eller liknande som gjennom rør eller leidning er ført innandørs.
Søknadsplikta gjeld utan omsyn til avløpsløysing. Dersom avløpet skal gå til offentleg avløpsnett, må de søkje om ”Tilknyting til kommunalt leidningsnett ”. Installering av vassklosett, dusj, bad, våtrom og liknande vil normalt innebere ei vesentleg auke av eksisterande utslepp og dermed søknadsplikt. Bruksendring frå fritidsbustad til bustad vil også kunne utløyse søknadsplikt.
Oljehaldig avløpsvatn
Ved etablering av nye utslepp eller ved auke av eksisterande utslepp, der auken medfører over 25% større utslepp er det krav til søknad og utsleppsløyve. Ingen kan setje i verk nye utslepp eller auke utslepp vesentleg utan at løyve er gjeve i medhald av forureiningsforskrifta kap 15. Utslepp etablert før 1.1.07, som ikkje vert auka vesentleg, er tillate i den grad dette fylgjer av § 15-10.
Det er krav om prøvetaking av utsleppsvatn frå alle eksisterande oljeutskiljerar. Utsleppskravet er 50 mg/l (olje i vatn). Det blir krav om at alle oljeutskiljerar skal ha prøvekum etter oljeutskiljar for uttak av prøve. Rettleiar for oljeutskiljeranlegg kan de få ved å ta kontakt med kommunen eller Norsk Vann.
Søknad
- Fyll ut blankett 5174 saman med naudsynte vedlegg
For søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn:
- Situasjonsplan i målestokk 1:1000 og 1:5000 med avløpsanlegget med rør og utsleppsstaden innteikna, samt merking av dei partane som etableringa kan ha noko å seie for - herunder interesser knytt til drikkevassforsyning (vassinntak og brønnar), rekreasjon (badeplass eller næringsverksemd).
- Skildring av utsleppsstaden (innsjø, elv, bekk, i grunnen etc.).
- Storleiken på utsleppet og type (antall personar, gråvatn, svartvatn).
- Dokumentasjon på korleis utslepp skal etablerast og drivast (underskriven serviceavtale).
- Om utsleppet skal bli etablert og drive i samsvar med krava i forureiningsføresegna § 12-7 til § 12-13, eller om det vert søkt om å fråvike desse krava.
- Kvittering for nabovarsel.
For søknad om utslepp av oljehaldig avløpsvatn:
- Namn og adresse på ansvarleg søkjar.
- Om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i Forureiningsforskrifta § 15-7 eller om det vert søkt om å fråvike desse krava.
- Dokumentasjon på korleis utsleppet skal etablerast og drivast.
- Plassering av avløpsanlegg og utsleppsstad på kart i målestokk 1:1000 eller større.
- Skildring av utsleppsstaden og mengde avløpsvatn.
- Interesser som kan vedkome etableringa - herunder interesser knytt til drikkevassforsyning, rekreasjon eller næringsverksemd
- Oversikt over kven som er varsla.
- Samtykke frå kommunen som planstyresmakt dersom utsleppet er i strid med endelege planar etter plan- og bygningslova.
- Kvittering for nabovarsel.
Kart
- Tast inn gnr/bnr eller eigedomsadresse
- Du kan legge på eventuell reguleringsplan ved å velge kartlag. Den vises til høgre på kartet.
- Skriv ut funksjonen finn du under Meny