Utviklingsarbeid i barnehage og skule
Tokke kommune skal legge til rette for at alle barn og unge skal kunne utvikle seg både personleg, sosialt og fagleg og slik bli den beste utgåva av seg sjølv. Det stiller høge krav til alle som jobbar med barn og unge, og spesielt til tilsette i barnehagar, SFO og skular. Det stiller også høge krav til kommunen som barnehage- og skuleeigar. Barnehage og skule er arenaer for omsorg, leik, læring og danning. Barnehagen som pedagogisk verksemd, har fokus på barns læring i eit trygt miljø. Skulen arbeider for ei fagleg utvikling hjå elevane slik at dei når kompetansemåla i fag. For å oppnå læring er det avgjerande at elevane opplever at skulemiljøet er trygt og godt.